Faktaboks

Guro Sandsdalen
Fødd
20. desember 1916, Flatdal i Seljord, Vestfold og Telemark
Død
13. september 2000

Guro Sandsdalen var forfattar. Bøkene hennar har tydeleg kvinneperspektiv og fokuserer på sosiale endringar og nye livs- og buformer i det norske samfunnet etter andre verdskrigen.

Sandsdalen var fødd i Flatdal i Seljord. Ho flytta etterkvart til drabantbyen Klyve nær Skien. Sandsdalen var engasjert i å støtte unge nynorskforfattarar, ikkje minst dei med røter i Telemark. To år etter ho døydde vart Guro Sandsdalens litteraturpris oppretta. Målet er å stimulere nynorsk skriftkultur.

Sandsdalen debuterte med romanen Dagbok frå ein drabantby i 1972, femtifem år gamal. Urbanisering versus bygdekultur og møtet mellom ny og gammal tid er viktige motiv. Ho registrerer nærast sosiologisk situasjonar frå eige og andre sine liv, og gir glimt av politiske hendingar i samtida. Den vesle romanen er eit tidsdokument og gir innblikk i kvinnesosialisering og kvinnemedvit i ein periode då mange var opptekne av kvinnefrigjering. Den tradisjonelle kvinnerolla står òg i skarp kontrast til den nye i diktsamlinga Koppebrot frå 1978.

Sandsdalen gav ut i alt seks bøker i ulike sjangrar. Ei av desse inneheld sjølvbiografiske skisser. Diktsamlinga Krukka i graset kom i 1980. Barneboka Asle og Frida frå1987 er sosialrealistisk og tek opp problem som råkar barn når foreldra vert skilde.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg