Hopp til innhold

Hallvard Sandnes

Hallvard Sandnes, forfattar, teikneserieskapar og lærar. Med Ingeniør Knut Berg skapte han norsk science fiction i teikneserieformat.
Sandnes var fødd på Vikli i Bygland 27. mars 1893 og døydde 25. juli 1968. Han tok eksamen ved lærarskulen i Kristiansand i 1915 og arbeidde ved fleire skular i Stavanger-området. Lengst var han på Kvaleberg skule, like frå 1921.
 
Han debuterte med novellesamlinga På solbrune vidder (1913) og gav seinare ut i alt 17 bøker, der motsetninga mellom heidendom og kristendom var ein berebjelke. Bøkene hadde òg mange fine naturskildringar.
 
Kulturhistorisk er likevel den viktigaste innsatsen hans at han skreiv triviallitteratur på nynorsk, i form av fleire serieromanar, og at han under pseudonymet Vigleik Vikli skreiv manuskripta til sciencefictionteikneserien Knut Berg på eventyr i Austerland (striper frå 1941, hefte 1943–60), illustrert av Jostein Øvrelid. Serien skulle vere eit norsk svar på Lyn Gordon. Dei første historiene skreiv han medan han var deportert i Finnmark saman med andre lærarar.
 
Sandnes fekk Melsomprisen for Fjellkongen (1925). 
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Eirik Helleve: Striper, ruter, bobler. Hovdebygda 2003

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 12.04.2010