Faktaboks

Hans Olav Syversen
Fødd
25. november 1966, Skjervøy, Troms
Hans Olav Syversen
Av .

Hans Olav Syversen er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti som var stortingsrepresentant frå Oslo 2005–2017. Han var parlamentarisk leiar for KrF 2011–2013.

Bakgrunn

Hans Olav Syversen vart fødd på Skjervøy i Troms. Han tok examen artium ved Grefsen videregående skole i 1986 og er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 2000. Syversen var medarbeidar i Oslo østre frikirkes barne- og ungdomsarbeid 1981–2001.

Politisk karriere

I påerioden 1990–1995 var Syversen gruppesekretær i bystyregruppa til KrF i Oslo. Han var vararepresentant i Oslo kommunestyre for Kristeleg Folkeparti 1989–1991 og fast representant 1991–2003, der han dei fire siste åra sat som kommunalråd. Han var nestleiar i Oslo KrF 1993–1995 og medlem av landsstyret og sentralstyret i partiet 1997–1999.

I perioden 1989–1993 var Syversen vararepresentant til Stortinget, og 2005–2017 var han fast stortingsrepresentant frå Oslo.

Syversen var politisk rådgivar i justis- og politidepartementet 1997–1999 og statssekretær i barne- og familiedepartementet 2003–2005. I peroiden 2019–2021 var han statssekretær ved Statsministerens kontor.

På Stortinget var han 2011–2013 parlamentarisk leiar for Kristeleg Folkeparti og nestleiar 2009–2011 og 2013–2017. Han var leiar av finanskomiteen 2013–2017.

Andre verv

Syversen var medlem av styret for Europabevegelsen i Oslo 1994–1996. Han vart medlem av styret for Den Norske Atlanterhavskomité i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg