Faktaboks

Hans Skjervheim
Fødd
9. oktober 1926, Vossestrand (no Voss), Hordaland (no Vestland)
Død
22. februar 1999, Voss
Verke
Filosof og faglitterær forfattar
Familie

Foreldre: Agronom og gardbrukar Torstein H. Skjervheim (1883–1961) og Kristi Hjelle (1892–1974).

Ugift.

Hans Skjervheim
Hans Skjervheim var ein av Noregs viktigaste filosofar.
Av / SCANPIX.

Hans Skjervheim var ein norsk filosof og essayist. Han var særleg knytt til positivismestriden innanfor filosofi og samfunnsfag og var oppteken av grensene for den (natur)vitskaplege tenkjemåten, og av farane ved å gjere menneskeleg subjektivitet til objekt.

Skjervheim var på sitt beste som filosofisk essayist. Framstillinga hans verkar enkel, og essaya hans kan lesast av lekfolk. Dei er effektive på fleire nivå. Men først etter at ein har studert filosofi i ein del år, anar ein kor treffsikre merknadene hans er.

Bakgrunn og karriere

Hans Skjervheim voks opp på garden Skjervheim i Myrkdalen som den eldste av ein syskenflokk på tre. Han tok realartium i 1946 på Voss og avtente så verneplikta i Tysklandsbrigaden. Han studerte ved Universitetet i Oslo frå 1947 og tok magistergraden i filosofi i 1957 med avhandlinga Objectivism and the Study of Man, der han dreg opp grensene for å studere menneske som objekt.

Hausten 1958 og våren 1959 var Skjervheim forskingsstipendiat ved Fridtjof Nansens Institutt og lærar ved NansenskolenLillehammer. Hausten 1959 reiste han til Ludwig-Maximilians-Universität i München. Der blei han til hausten 1963 med tysk statsstipend og stipend frå Norges almenvitenskapelige forskningsråd (NAVF). I 1964–1969 var Skjervheim universitetsstipendiat ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Frå hausten 1969 vikarierte han som universitetslektor ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen, der han fekk fast tilsetjing i 1971. Våren 1973 var han gjesteprofessor ved Universitetet i Tromsø. Han blei tilsett som professor i teorihistorie og vitskapsteori ved Roskilde Universitetscenter (RUC) i 1974, men slutta alt i 1975 etter konfrontasjon med den danske universitetsmarxismen. Deretter var han tilbake i Bergen. Stillinga hans ved Filosofisk institutt blei omgjort til eit professorat i 1982. Same året var han også med på å starte Nytt Norsk Tidsskrift, som Rune Slagstad blei redaktør for.

Filosofi

Positivismestriden

I 1960-åra var Skjervheim verksam som positivismekritikar. I skrifter frå denne perioden tok han for seg visse former for sosiologi. Det han då fokuserte på, var den implisitte filosofien i vitskapen.

Frå 1800-talet av var det ei kløyving mellom naturvitskap og humanvitskap. Skjervheim gjekk inn i denne problemstillinga via samfunnsvitskapane, som like etter andre verdskrigen var farga av objektivistiske tilnærmingar. Poenget til Skjervheim var at dei filosofiske ideane i sosiologien i 1950- og 1960-åra hindra samfunnsvitarane i å få kontakt med den sosiale realiteten. Det han kritiserte, var scientismen, den då rådande positivistiske filosofien. Med utgangspunkt i fenomenologi og eksistensfilosofi viste han relevansen av forståings- og tolkingsproblematikken i dei sosiale vitskapane. Dette skjedde i krinsen rundt professor Arne Næss, der ein dyrka impulsar frå wienerkrinsen og ideen om einskapsvitskap – ein felles metode for all vitskap. Hovudsiktemålet hans var å vise at der er ein prinsipiell skilnad mellom naturfenomen og sosiale fenomen, og at det følgjeleg også må vere ein prinsipiell skilnad mellom samfunnsvitskap og naturvitskap.

Skjervheim formulerte opposisjonen mot dette både i magisteravhandlinga og i ei rekkje essay, som han samla i Vitskapen om mennesket og den filosofiske refleksjonen (1964). Her synte kan korleis problema med å redusere menneskelege subjekt til noko anna enn seg sjølv kjem til syne i ulike fag, til dømes i sosiologi, psykologi og pedagogikk. I 1960-åra kom han også i kontakt med skriftene til Frankfurterskulen, som kritiserte positivismen frå ein politisk radikal posisjon.

I løpet av denne perioden skifte positivismekritikken karakter frå eit kulturkonservativt synspunkt i humaniora til å verte eit radikalt standpunkt i dei nye samfunnsvitskapane. Men etter kvart som debatten vart politisert, tok Skjervheim også til å kritisere grunnlaget for radikalismen, ikkje minst i Det liberale dilemma og andre essay (1968). Essaya til Skjervheim voks gjerne ut av munnlege samanhengar, frå seminar via foredrag og til tidsskrift (Minervas Kvartalsskrift, Vinduet, Liberalt Perspektiv og andre).

Marxisme-kritikken

I 1960-åra introduserte Skjervheim det han kalla filosofien bak studentopprøret: Theodor W. Adorno, Max Horkheimer, Herbert Marcuse og Jürgen Habermas. Men på same måten som Habermas i Tyskland åtvara han mot politisk dogmatisme. Då maoistar, leninistar og stalinistar overtok delar av debatten ved norske universitet, vart Skjervheim meir og meir kritisk til fundamentet for det heile, nemleg marxismen. I 1970-åra åtvara han sterkt mot dogmatisme innanfor politisk teori, og han reagerte sterkt mot det intellektuelle klimaet han møtte på Roskilde Universitetscenter midt i 1970-åra. Han åtvara mot det han såg som konsekvensar av den lange marsjen til venstreradikalarane gjennom institusjonane, særleg dei universitetspolitiske konsekvensane.

Han tok opp dette emnet på fleire måtar, mellom anna ved å drøfte grensene for ideologi-kritikken i boka Ideologianalyse, dialektikk, sosiologi (1973). Han formulerte også ein kritikk av verditeorien til Marx, og han var med på å introdusere dei franske nyfilosofane sin marxkritikk på norsk i 1978. På denne tida var han knytt til det marxisme-kritiske tidsskriftet Kontinent Skandinavia. Han hevda at delar av venstresida brukte marxistiske dogme til å hindre frie drøftingar og observerte at gyldige innsikter frå positivismestriden vart kompromitterte gjennom politisk ortodoksi.

Ideologianalyse, sosiologi, dialektikk er rekna for å vere Skjervheims hovudverk, sjølv om den engelskspråklege avhandlinga hans er mest kjend. Men det beste han laga, kom berre på norsk (nynorsk). Det er ei form for filosofisk essayistikk, som la grunnlaget for ei ny form for sakprosa.

Det er uråd å halde denne delen av forfattarskapet hans fast i anten kategorien for populariserande formidling eller kategorien for original fagfilosofi, for essaya representerer begge delar på ein gong. Her kombinerer han vitskapsteori, samfunnsfilosofi og etikk innanfor ein skrivemåte som er tilgjengeleg for andre enn fagfilosofar og sosiologar. Det skjer ei formidling mellom ulike ekspertkulturar og mellom ekspertkulturane og lekfolk.

Postmodernisme og målstyring

I 1980-åra hadde marxismen i praksis utspela si rolle ved universiteta. Skjervheim lét seg utfordre av to tilsynelatande motsette straumdrag. Han kritiserte postmoderne teoriar for å invitere til ei form for skeptisisme som undergrov det intellektuelle livet. Og han gjekk til åtak på bruken av økonomiske modellar brukte på område der dei ikkje høvde, til dømes innanfor universitet, helsestell og så vidare. I begge delar såg han den kritiske fornufta utfordra, gjennom prinsipiell skeptisisme eller gjennom praktisk anti-intellektualitet.

Essay frå denne perioden vart gitt ut etter at han sjølv vart sjuk, mellom anna i samlinga Teknikk, politikk og utopi (1996).

Oversyn over Skjervheims posisjon

Ein grunntanke i Skjervheims filosofi er at praktiske problem, for eksempel moralske og rettslege, utgjer eit eige område som aldri fullt ut kan hentast inn av teoretiske disiplinar, og at det berre er mogeleg å forhalde seg til dei gjennom omgrep som er særeigne og høvelege for dette området. Det store mistaket i samtidskulturen går ifølgje Skjervheim ut på å oversjå skiljet mellom teoretiske og praktiske problem. Dermed trur ein at det er mogeleg å utvikle teoretiske vitskapar som dekkjer det praktiske feltet slik at ein kan avleie ei teknisk eller instrumentell løysing. Den politiske konsekvensen av dette mistaket er maktovergrep. Skjervheim argumenterer for at positivismen, marxismen og nyliberalistisk reformisme er variantar av dette mistaket. Jamvel om den politiske skilnaden er stor, verkar dei – ifølgje han – destruktivt på same vis.

I slike stykke har han, parallelt med Karl-Otto Apel, Jürgen Habermas og andre, vidareutvikla ei side ved Immanuel Kants filosofi. Eit hovudsynspunkt er at det ikkje er tillate å handsame personar berre som middel, men at dei er mål i seg sjølve. I grunnleggjande tyding dreiar det seg om symmetri mellom personar og respekt for det faktum at vi forstår verda på ulike måtar.

Eit av arbeidsfelta til Skjervheim gjeld det å trekkje grensene for det Paul Ricoeur kallar «mistankens hermeneutikk», altså det å avsløre falskt medvit og skjult ideologi. Skjervheim hevdar at mistankens hermeneutikarar går utanom grunngivingsspørsmålet. Han gir ei mengd døme på dette; somme er innfløkte, andre enkle, men strukturen er den same i alle tilfella.

Prinsippet om sjølvrefererande konsistens er sentralt hos Skjervheim. Føresetnaden for slik konsistens er at vi reflekterer over kva prinsipp vi sjølve er nøydde til å gjere bruk av når vi utarbeider ein teori og set den fram. Det gjeld då å sikre seg mot at utsegner vi kjem med i teorien, inneber noka nekting eller undergraving av desse prinsippa. For gjer dei dét, destruerer teorien seg sjølv.

Utmerkingar (utval)

I 1988 fekk Skjervheim den tyske forbundsrepublikkens fortenestemedalje av 1. klasse for innsatsen sin for å fremje kjennskap til tysk filosofi og kultur.

Frå 1996 blir det årlege Skjervheimseminaret heldt på Stalheim i Voss.

Utgivelser (utval)

  • Objectivism and the Study of Man, magisteravhandling, UiO, 1959 (norsk: Objektivismen og studiet av mennesket, 1974)
  • Vitskapen om mennesket og den filosofiske refleksjon, 1964
  • Det liberale dilemma, 1968
  • Ideologianalyse, dialektikk, sosiologi, 1973
  • Deltakar og tilskodar og andre essays, 1976
  • Filosofi og dømmekraft, red. N. Gilje og H. Grimen, 1992
  • Deltakar og tilskodar og andre essays, 1976
  • Teknikk, politikk og utopi (utval og innleiing ved H. Grimen), 1996

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hellesnes, Jon (1999). Om Hans Skjervheim. Oslo: Samlaget
  • Slaattelid, Hermund, red.: Regime under kritikk: Om Hans Skjervheim i norsk filosofi og samfunnsdebatt, 1997
  • Sundbø, Svein (2002). Hans Skjervheim: En kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1948-2002. Oslo: Nasjonalbiblioteket
  • Sørbø, Jan Inge (2002). Hans Skjervheim: Ein intellektuell biografi. Oslo: Samlaget
  • Sørbø, Jan Inge (2004). 'Hans Skjervheim og pedagogikkens tredje' i Thuen, Harald & Sveinung Vaage, red.: Pedagogiske profiler

Faktaboks

Hans Skjervheim
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003062680

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg