Faktaboks

Hans Stormoen
Fødd
29. mai 1906, Bergen
Død
4. april 1979, Oslo
Verke
1906–79
Familie

Foreldre: Gårdbruker Marius Stormoen (f. 1845) og Synnøve Henriksen.

Gift 1) med skuespiller Regine («Vesla») Stenersen (26.1.1914–7.8.1978), ekteskapet oppløst; 2) i Bergen 19.11.1943 med skuespiller Lill (Unn Goggi) Egede-Nissen (20.11.1909–20.1.1962), datter av postmester Adam H. Egede-Nissen (1868–1953) og Georga Wilhelma Ellertsen (1871–1959), ekteskapet oppløst 1950.

Halvbror av Harald Stormoen (1872–1937); farbror til Kjell Stormoen (1921–).

Hans Stormoen

Hans Stormoen (ukjent år). Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Hans Stormoen
Av /NTB Scanpix ※.

Hans Stormoen var ein norsk skodespelar, instruktør og omsetjar. Stormoen var ein av dei mest allsidige og sentrale teaterpersonlegdomane i det 20. hundreåret.

Han hadde berande roller i Nordahl Griegs Nederlaget og Vår ære og vår makt ved Den Nationale Scene. I Raskolnikov, som han sjølv omsette og laga dekorasjonar til for Trøndelag Teater, gjorde han karakterrolla som den bereknande forhøyrsdommaren. Han sette òg opp eit par operettar ved trønderscena, den eine, Bryllupsekspressen, trekte publikum til 45 framsyningar.

Stormoen omsette teaterstykke frå dansk og engelsk. Då Jeppe på Bjerget vart spela på Den Nationale Scene i 1964, gjekk det på bergensk og strilemål.

Bakgrunn

Teaterensemblet Ranheimtournéen (1929)

Ranheimtournéen var ei komedieteatergruppe med utspring i Studentersamfundet i Trondheim. Her frå ei fotografering i 1929, der gruppa tok reklamefoto for deira nye film «På Vestfronten». Hans Stormoen er personen ståande til høgre. I Ranheimtournéen var han karakteren Hans v. Grossmoen, operasongar.

Av /Trondheim byarkiv.
Lisens: CC BY 2.0

Hans Stormoen var fødd i Bergen. Han tok examen artium i Bergen i 1925, byrja på arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim, men vende seg mot eit yrkesliv ved teateret. Han debuterte på Den Nationale Scene i Bergen i 1934 og var tilsett der til 1941. Etter tre år ved Trøndelag Teater, 1945–1948, var han frå 1949 til 1951 engasjert ved det nyoppretta Riksteatret, som han var med på å byggje opp til eit landsomfattande teatertilbod. Frå 1950-åra hadde han gjestespel ved dei fleste scener i landet og medverka i fjernsyns- og spelefilmar.

Undervegs i arkitektstudiet tok teaterinteressa av. I åra 1927–1929 spela Stormoen revy ved Studentersamfundet i Trondheim og markerte seg som ein skodespelar høgt over amatørnivå. Kunstnartalentet hans fekk fleire utløp: Han tok ikkje eksamen som arkitekt, men gjekk i lære for å verte sølvsmeddesignar og arbeidde som reklameteiknar.

Hans Stormoen var halvbroren til Harald Stormoen.

Karriere

Debut på Den Nationale Scene

Frå 1934 var det teater på fulltid. Då var han tilbake i Bergen og hadde si første rolle ved Den Nationale Scene, som visesongar i ein sommarrevy. Det eigentlege gjennombrotet kom same året med Baldwins bryllup, der han fekk vist det komiske talentet sitt. Så kom alvoret. Den Nationale Scene sette opp skodespel med politiske undertonar, og Stormoen, som sjølv sympatiserte med venstresida, fekk sentrale roller. Han spela i Bøddelen og Mars 33, som begge handla om nazismen sin frammarsj i Europa.

I 1935 var det premiere på Vår ære og vår makt, Nordahl Grieg sitt skodespel om skipsreiarar som utnytta sjøfolk for sjølv å tene pengar, der Stormoen lekamleggjorde den norske sjømannen gjennom Vingrisen. Stykket vekte stor merksemd. Konservative krinsar ville ha framføringa stansa, men bergensarane strøymde til, i alt 30 000 menneske såg stykket.

Men i morgen – låg i same politiske gate, med eit kritisk lys på rustningsindustrien og ein pasifistisk bodskap. Stykket vart møtt med pipekonsert frå delar av salen. I 1937 baud teateret på eit tredje skodespel av Nordahl Grieg, Nederlaget. Her er handlinga lagd til den opprørske Pariskommunen i 1871, og Stormoen spela kunstnaren Gustave Courbet.

Riksteatret og andre scener

I 1949 vart Stormoen engasjert av det nyoppretta Riksteatret, der han var til 1951. Opningsstykket, som ensemblet turnerte med i seks veker, var Sigurd Hoels drama En reise i natten, der Stormoen hadde rolla som fengselspresten. Hausten 1949 spela han i Galgemannen, og han var hovudperson i Friaren, der han òg hadde scenografien. I En handelsreisendes død hadde han både regi og scenografi, og stod sjølv på rollelista.

Stormoen ivra for at Riksteatret skulle nå ut til nye publikumsgrupper, og han var med på å opprette kontakt med skulane. Den oppsøkjande verksemda, der skodespelarane heldt opplesingar frå norsk litteratur, kom i gang alt i oppstartingsåret og vart fort ein omfattande del av teateret si verksemd. Stormoen sin innsats bidrog til at Riksteatret vart eit seriøst tilbod for folk langt utanfor det vanlege teaterpublikummet.

Etter tida i Riksteatret var Stormoen aktiv ved fleire scener. I 1958 gjesta han Rogaland Teater som den slitne sjømannen i Eugen O'Neills Anna Christie. I 1960-åra spela han tidvis ved Den Nationale Scene, i komediar av Ludvig Holberg og Gunnar Heiberg, tidvis ved Det Norske Teatret, i stykke av Bertolt Brecht og Henrik Ibsen. I 1970-åra omsette han skodespel for Trøndelag Teater.

Radiohøyrespel og kino- og fjernsynsfilmar

I tillegg medverka han frå 1950-åra til ut i 1970-åra i radiohøyrespel og kino- og fjernsynsfilmar. Han var Begriffenfeldt i Radioteateret si innspeling av Peer Gynt, som vart sendt første gongen under OL i Oslo i 1952. Då fjernsynet kom i gang i 1960-åra, spela han i folkekjære oppsetjingar som Østersen og perlen, krimserien Taxi og dramaa Rosmerholm og Benoni og Rosa. Han hadde roller i populære filmar som Hurra for Andersen, Når villdyret våkner og Balladen om mestertyven Ole Høiland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Knut Nygaard og Eiliv Eide: Den Nationale Scene 1931–1976. Oslo 1977
  • Steinar Wiik: I storm og stille. Riksteatret 1949–1989. Oslo 1990
  • Ole Øisang: Trøndelag Teater gjennom 25 år. Trondheim 1962

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg