Hopp til innhold

Hans Strøm

Hans Strøm, prest, topograf, naturforskar, titulær professor og forfattar. Etter Ludvig Holberg var truleg Strøm den fremste norske intellektuelle på 1700-talet, men medan Holberg budde mesteparten av sitt vaksne liv i Danmark, busette Strøm seg i Noreg.

Hans Strøm var fødd 25. januar 1726 i Borgund på Sunnmøre og døydde i Eiker 1797. Far hans var prost, og Strøm tok sjølv teologisk embetseksamen ved Universitetet i København i 1745. Etter studia ved universitetet heldt han fram med sjølvstudiar medan han budde heime hos mora. I 1750 vart han personleg kappelan i Borgund, før han i 1764 vart sokneprest i Volda. I 1779 vart han sokneprest i Eiker, der han budde fram til han døydde. I 1779 vart han titulær professor, og i 1790 tok han doktorgrad på ei avhandling om urkristendomen.
På mange måtar er Hans Strøm den typiske opplysningspresten, og han hadde ei særleg sterk interesse for naturvitskap og topografiske studiar. Strøm hadde ein omfattande litterær produksjon innanfor ulike emne og sjangrar, engasjerte seg i den dansk-norske offentligheita og var medlem av fleire vitskapelege og allmenne selskap. Strøm hadde òg ein rettleiarfunksjon for andre med liknande interesser, særleg bør nemnast Marcus Schnabel og Hans Jacob Wille.
Eit av bygga ved Høgskulen i Volda er oppkalla etter Hans Strøm, og det står ein minnestein over Strøm ved Haug kyrkje i Øvre Eiker.
Kjelder
Apelseth, Arne: Hans Strøm (1726–1797). Ein kommentert bibliografi. Høgskulen i Volda 1995
Arne Apelseth og Atle Døssland (red.): «Hans Strøm (1726–1797). Eit utsnitt frå norsk opplysningstid», Arbeidsrapport nr. 81. Høgskulen i Volda 1999
Peikarar

Først publisert: 07.02.2012
Sist oppdatert: 27.03.2017