Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Sæverud

Harald Sæverud var komponist frå Bergen. Sæverud komponerte symfoniar,  slåttar og stev, som Kjempeviseslåtten (1939–45). Verket er eit symbol på norsk motstand mot den tyske okkupasjonen under andre verdskrig.

Harald Sæverud, 1897–1992, var komponist frå Bergen.
Han studerte ved Bergen musikkakademi 1915–18, og flytta til Berlin der han studerte komposisjon i åra 1920- 1922. Han flytta deretter attende til Bergen og livnærte seg som musikkmeldar i Bergens Tidende og Aftenposten, før han vart komponist på heiltid.
Foto: Eirik Sundvor Trondheim Byarkiv CC BY 2 0.
Foto: Eirik Sundvor Trondheim Byarkiv CC BY 2 0.
Sæverud komponerte symfoniar, som nr. 5 Quasi una fantasia (1941), nr. 6 Sinfonia dolorosa (1943) og nr. 7 Salme (1945). Han komponerte også musikk til Peer Gynt (1948), Klaverkonsert (1950) og slåttar og stev, som Kjempeviseslåtten (1939–45).
Sæverud er ein av dei viktigaste komponistane i norsk historie. Andre verdskrigen vart eit musikansk vendepunkt for Sæverud. Kjempeviseslåtten vart tileigna "Heimefrontens store og små kjempere". Verket er eit symbol på norsk motstand mot tysk okkupasjon.
Harald Sævreud hadde fleire verv og var medlem av Sæverud vart utnemnd til Kommandør av St.Olavs orden i 1977.
Heimen til Harald Sæverud, Siljustøl, er i dag museum. Siljustøl ble opna som museum i samband med 100 årsdagen til Sæverud i 1997. I dag er museet ein del av Kunstmusea i Bergen,  KODE.
Sjå Bergen Filharmoniske orkester framføre Kjempeviseslåtten som eit stunt på Bergen Lufthamn, Flesland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.02.2014