Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle er ein av dei mest markante pressefolka i landet. Som politisk redaktør i Aftenposten og før det som aktiv journalist og ansvarleg redaktør i Dagbladet, har han vore med på å utvikle den politiske journalistikken i Noreg.

Harald Stanghelle er fødd 13. januar 1956 og voks opp på Stanghelle i Hordaland. Alt som 19-åring vart han redaktør og eigar av lokalavisa Vaksdals-Nytt. Så følgde ein periode som fiskar, vernepliktig soldat og presseoffiser ved den norske FN-styrken i Libanon. Han arbeidde to år i Dag og Tid før han tok til i Arbeiderbladet i 1982. Her, og seinare i Aftenposten frå 1991, dekte han mellom anna ei rad større straffesaker og konfliktane i Midtausten. Stanghelle er styreleiar i Norsk Redaktørforening frå 2009.
 
Stanghelle vart tilsett som ansvarleg redaktør i Dagbladet i 1995. I 2000–2014 var han politisk redaktør i Aftenposten, og 2014–2018 redaktør i same avisa. Som sentral, liberal kommentator har han prega den uavhengige, politiske journalistikken i Noreg. Han er òg mykje nytta som kommentator i mellom anna NRK.
 
Stanghelle fekk SKUP-prisen i 1991 for avsløringa av den sokalla Mossad-skandalen.

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 05.09.2018