Faktaboks

Hartvig Sætra
Fødd
25. oktober 1933, Krødsherad, Viken
Død
29. februar 2004

Hartvig Sætra var botanikar, lektor, politikar og samfunnsdebattant. Han markerte seg som ein framståande talsmann for økopolitikk og -filosofi i Noreg.

Sætra vart fødd i Krødsherad. Han reiste til Gratangen for å arbeide som studentlærar. Seinare tok han lærarutdanning ved Oslo lærarskule og hovudfag i botanikk ved Universitetet i Bergen i 1971, men han flytta tilbake til Nord-Noreg og arbeidde som lektor ved vidaregåande skular i Tromsø og Nordreisa. Frå 1998 budde han i Målselv.

Han var politisk aktiv først i Arbeiderpartiet, seinare i Sosialistisk Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Norges Kommunistiske Parti. Han markerte seg tidleg som kritikar av vekstsamfunnet og åtvara sterkt mot industrielt landbruk, naturøydeleggingar og overforbruk av naturressursar. Alt på byrjinga av 1970-talet omtalte han auke i CO2-utsleppa og drivhuseffekten som eit framtidig klimaproblem. Sætra var oppteken av praktiske, lokale løysingar på miljøproblema – økologisk forsvarleg hausting av krinslaupsressursane, større grad av sjølvberging og bruk av teknologi som ikkje overbelastar naturressursane.

I 2001 fekk han Vinjeprisen, som blir delt ut av Riksfondet for nynorsk presse.

Utgivingar

Sætra var aktiv som skribent, og forutan ei rekkje artiklar og avisinnlegg skreiv han bøkene:

  • Populismen i norsk sosialisme (1971)
  • Den økopolitiske sosialismen (1973)
  • Ekologi och socialism (1977)
  • Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap (1990)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Nilsen, Tom V. (2004): Det norske økofilosofiske forsøket og humanismen. Hovudoppgåve i idéhistorie. Universitetet i Oslo

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg