Helge Sandøy er ein norsk språkvitar. Han er professor emeritus i nordisk språkvitskap, ekspert på språkutvikling i Noreg og Norden og har lagt premissar for normering av utanlandske ord i norsk og av nynorsk skriftspråk – som han meiner bør vere talemålsnært og prega av valfridom.
Sandøys forskingsfelt famnar om språkhistorie, språksosiologi og import av framandord. Mykje av forskinga har hatt eit nordisk perspektiv. Frå 2000 leidde han ei gruppe forskarar som undersøkte bruken av utanlandske ord i nordiske språk. Han var prosjektleiar for ISLEX, ei elektronisk ordbok med oppslagsord frå islandsk til skandinaviske språk, som vart lansert i Noreg i 2013.
Som medlem av Norsk Språkråd frå 1992 til 1997 og av fagnemnda for nynorsk frå 1992 til 2004 har Sandøy vore med på å utforme norsk språkpolitikk. Frå 1994 til 1999 var han språkkonsulent for Norsk rikskringkasting. Han har vore ein av hovudredaktørane for den nye norske språkhistoria, Norsk språkhistorie (2016–2018).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.