Faktaboks

Helge Sivertsen
Fødd
12. juni 1913, Mandal (no Lindesnes), Agder
Død
21. desember 1986, Oslo
Verke
Politiker og skoleadministrator
Familie

Foreldre: Folkehøyskolestyrer Nils Sivertsen (1877–1955) og Marta Heddeland (1883–1962).

Gift 1940 med mag.art. Merle Five (27.8.1914–12.12.2003), datter av fylkesmann Håkon Five (1880–1944) og Bodil Erichsen (1889–1924).

Helge Sivertsen

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Helge Sivertsen
Av /NTB Scanpix ※.

Helge Sivertsen var ein norsk skulemann og politikar. Han prega norsk skulepolitikk i etterkrigstida og tok initiativ til Vogt-komiteen, som vart ein milestein i norsk språkpolitikk.

Bakgrunn

Helge Sivertsen var fødd i Mandal (no Lindesnes) i Vest-Agder (no Agder) og døydde i Oslo. Han voks opp i Mandal, på Austlandet og på Inderøy, og tok examen artium på latinlina ved Orkdal landsgymnas i 1933. I 1940 vart han cand.philol. med historie hovudfag og norsk og tysk sidefag. I 1938–1939 studerte han økonomisk historie ved Universitetet i Oxford.

I 1941–1943 hadde Sivertsen lærararbeid. Han var aktiv i Milorg i 1943–1945, mellom anna som leiar for informasjonstenesta til sentralleiinga. Etter andre verdskrigen var han sekretær for Undersøkingskommisjonen av 1945.

Kulturpolitikk, språkpolitikk og Vogt-komité

Sivertsen var statssekretær under tre statsrådar (Kaare Fostervoll, Lars Moen og Birger Bergersen) i Kyrkje- og undervisningsdepartementet (1947–1956), var kyrkje- og undervisningsminister (1960–1963 og 1963–1965), skuledirektør i Oslo, Akershus og Østfold (1956–1960), skuledirektør i Oslo og Akershus (1966–1970) og skulesjef i Oslo (1971–1981).

Som statssekretær arbeidde Sivertsen mellom anna med skipinga av Statens filmsentral (1948), Riksteatret (1948), Norsk bygdekino (1950) og Riksgalleriet (1952). Han førte òg i pennen stortingsmeldinga «Om tiltak til styrking av skoleverket» i 1954.

Som statsråd fekk han i 1965 skipa Norsk kulturfond, Norsk kulturråd og innkjøpsordninga for skjønnlitteratur. Han tok initiativet til Vogt-komiteen (1964), som hadde til oppgåve å gi ei heilskapleg vurdering av språksituasjonen i Noreg. Utvalet la grunnlaget for skipinga av Norsk språkråd i 1971 og tok til orde for ei gjennomgåing av stadnamnføresegnene, mållova og språkreglane i NRK.

At tradisjonelle riksmålsformer var utestengde frå bokmålsnormalen, var i innstillinga frå komiteen nemnt som ein hovudgrunn til språkstriden. I dei seinare rettskrivingsendringane under Norsk språkråd vart mange av desse riksmålsformene tekne inn att i bokmål. Sivertsen medverka òg til å gjeninnføre samisk språk og kultur i skulen i dei samisktalande områda.

Skulepolitikk

Sivertsen var ein hovudarkitekt i nyskipinga av norsk skule etter andre verdskrigen, mellom anna når det galdt overgangen frå 7-årig til 9-årig einskapsskule. Han sette ned fleire sentrale skulepolitiske utval, slik som Gymnasutvalet i 1962, Skulekomiteen i 1965 og Vidareutdanningskomiteen i 1965. Han drog òg opp hovudliner for vaksenopplæringa.

Partiverv, atomnedrusting og fredsarbeid

Sivertsen var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 1969–1977 og sat i mange utval i Arbeidarpartiet. Han var leiar av det offentlege utvalet frå 1971, som greidde ut tilhøvet mellom kyrkje og stat. Han hadde ei lang rad tillitsverv, særleg i kultursektoren.

I 1974–1981 var han leiar for utvalet for rustingskontroll og nedrusting. Som pensjonist brukte han mykje av tida si på arbeid for atomnedrusting, internasjonal forståing og fred. Frå 1982 var han leiar i styret for Alva Myrdals fredsfond.

Idrett, friluftsliv og musikk

Sivertsen var to gonger noregsmeister i diskos og var med i OL i Berlin i 1936.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fram då frendar. Heidersskrift til Helge Sivertsen på 70-årsdagen 12. juni 1983. Oslo 1983
  • Dag Gundersen: Fra Wergeland til Vogt-komiteen. Oslo 1967
  • Jostein Nyhamar: Arbeiderbevegelsens historie i Norge, bd. 6: Nye utfordringer (1965–1990). Oslo 1990
  • Helge Sivertsen: «Politisk plikt», i Thorbjørn Jagland mfl. (red.): Atomvåpen og usikkerhetspolitikk. Oslo 1980
  • Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 2001
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978
  • Nina Volckmar: «Helge Sivertsen – ideolog og strateg», i Harald Thuen og Sveinung Vaage (red.): Pedagogiske profiler. Norsk utdanningstenkning fra Holberg til Hernes. Oslo 2004

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg