Hopp til innhold

Henning Sommerro

Henning Sommerro, professor, komponist og musikar frå Surnadal som gjennom fem tiår har spela ei sentral rolle i norsk musikkliv. Han har skrive musikk til over hundre produksjonar for film og scene, og han har tonesett dikt av Hans Hyldbakk, der «Vårsøg» er det mest kjende.

Henning Sommerro er fødd 3. mai 1952 i Surnadal i Møre og Romsdal og bur i Trondheim. Han gjekk organistlinja ved Trondheim musikkonservatorium (1970–74), før han studerte orgel og komposisjon ved musikkakademiet i Basel i Sveits (1976–77).

Sommerro har vore organist i Stangvik og Todalen på Nordmøre (1974–76), musikalsk leiar ved Teatret Vårt i Molde (1978–82), musikalsk leiar ved Trøndelag Teater (1985–90) og programsekretær og musikkonsulent for NRK P2 (1986–88). Sommerro er professor ved Institutt for musikk på NTNU i Trondheim (frå 1990).

Sidan 1970-åra har Henning Sommerro hatt ei sentral rolle i norsk musikkliv. Med visegruppa Vårsøg gav han ut tre album, der Vårsøg (1972) fekk mest merksemd. Sommerro har sidan gitt ut soloalbum som Neonlys på Ivar Aasen (1986) og Svarrabærje (1996), og han har vore med i musikalske prosjekt med mellom anna Erik Bye, Brynjar Hoff, Arve Tellefsen og Sigmund Groven.

Komposisjonane til Sommerro spenner over mange musikalske sjangrar. Han har skrive musikk til over hundre produksjonar, mellom dei filmane Kjærleikens ferjereiser (1979) og Landstrykere (1989), og sceniske framstillingar som operaene Olav Engelbrektsson (1993) og Eystein av Nidaros (2003). I 1995 skreiv han gamaldansmessa Vindens hjul.

Henning Sommerro har gjort lyrikaren Hans Hyldbakk frå Surnadal landskjend gjennom tonesetjing av dikt som til dømes «Vårsøg». Songen «Vårsøg» er blitt eit sikkert vårteikn for dei som lyttar på norsk radio. Sidan 1980-åra har Sommerro tonesett dikt og salmetekstar av Edvard Hoem. Sju av desse salmane står i Norsk salmebok (2013).

(Artikkelen held fram etter videoen)

Video: Henning Sommero framfører «Vårsøg» på Josefine Visescene i 2016.

Ein kan kjenne att element frå både tradisjonsmusikken, kyrkjemusikken og kammermusikken i den musikken Sommerro komponerer. Han tek ofte utgangspunkt i den nordmørske musikalske arven. Teften han har for å finne gode tekstar som passar til musikken, gjer at han gjennom fem tiår har nytt stor respekt blant kritikarar og publikum.

Henning Sommerro tok initiativ til å starte musikkfestivalen Vårsøghelga i Surnadal i 1995 og har sidan då vore kunstnarisk leiar for festivalen. Festivalen har som formål å fremje både tradisjon og nyskaping, og å styrkje lokal identitet med vekt på dialekt og nynorsk.

I 1978 fekk Sommerro Prøysenprisen og i 1981 Spellemannprisens heiderspris. Han har fått den fylkeskommunale kulturprisen i både Møre og Romsdal (1979) og i Sør-Trøndelag (1988).

Kjelder

«Henning Sommerro», rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/henning_sommerro-35758/# [lesedato 15.6.2017]

«Henning Sommerro», ntnu.no: https://www.ntnu.no/ansatte/henning.sommerro [lesedato 15.6.2017]

Vårsøghelga, historikk, varsoghelga.no: http://varsoghelga.com/velkommen/varsoghelga/ [lesedato 7.8.2017]

Peikarar

Mette Karslvik: «Sommeruro», dagsavisen.no 14.7.2012 

Arild Hoksnes: Samtale med Sommerro, nb.no 


Video: Henning Sommero frå Melodi Grand Prix 1980 med Auståvind

Først publisert: 09.08.2017
Sist oppdatert: 10.08.2017