Faktaboks

Henny Skjønberg
Fødd
6. august 1886, Stavanger, Rogaland
Død
5. januar 1973, Oslo
Verke
Skodespelar og dramatikar
Familie

Foreldre: Skipper og brusfabrikant Henrik Eide (1831–1907) og Ingeborg Sofie Bucher (1846–1929).

Gift med skodespelar Conrad Eugen Skjønberg (1889–1971), son til skreddarmeister Christian Schønberg (f. 1860) og sydame Pauline Marie Karlsdotter (f. 1854). Mor til Pål Skjønberg (1919–2014) og Espen Skjønberg (1924–).

Henny Skjønberg (1967)
Henny Skjønberg i 1967.
Av /Oslo Museum .
Lisens: CC BY SA 4.0

Henny Skjønberg var ein norsk skodespelar, iscenesetjar og dramatikar. Ho spela i over hundre skodespel og filmar, mellom dei julekomedien Tante Pose frå 1940, som i fleire generasjonar var ein klassikar blant julefilmane.

Skjønberg var fødd i Stavanger. Ho debuterte ved Stavanger Faste Scene i 1914 og kom til Det Norske Teatret i 1918. Med unntak av året 1919/1920, då ho spela ved Trøndelag Teater, var ho tilsett ved Det Norske Teatret til ho gjekk av for aldersgrensa i 1957. Etter at ho var pensjonert, heldt ho fram med å spele for både scene og film. Den siste teaterrolla gjorde ho i 1964, den siste filmrolla i 1967. Skjønberg var instruktør for fleire skodespel og skreiv teaterstykke for born. Ho var mora til Pål Skjønberg og Espen Skjønberg.

I 1934 vart Skjønberg heidra med Hulda Garborg-stipend, og i 1953 med æresmedalje frå Norsk Dramatikeres Forbund. I 1968 fekk ho Stavanger Aftenblad sin kulturpris.

Komediespelar

Henny Skjønberg

Henny Skjønberg. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Henny Skjønberg
Av /NTB Scanpix ※.

Rundt 1920, då Skjønberg var nytilsett ved Det Norske Teatret, var det strid om repertoaret. Dei alvorstunge stykka gav mest rom for kunstnarleg vekst, vart det hevda, men komediane trekte eit større publikum og sikra meir pengar i kassa. Skjønberg greidde å foreine skodespelarkunst og publikumstekke. I lystspelet Susanne vil gifte seg, frå 1922, om byguten som kjem til bygda og må skifte talemål for å verte godteken, fekk ho vist sitt store talent for folkekomediar. Det store gjennomslaget som komediespelar fekk ho som Hønse-Lovisa i Ungen av Oskar Braaten. Ein annan publikumsmagnet var Halte-Lena og Blinkse-Per, der Skjønberg hadde ei av dei sentrale rollene.

Skjønberg gav dei humoristiske rollene farge og karakter, og i hennar tolking vart sjølv arketypar frå folkedjupet truverdige. Teatret meistra etter kvart sjangeren til fullnads, og komediane dominerte speleplanen i lang tid. Humor og ironi på høgt nivå vart eit varemerke for både teatret og Skjønberg, som medverka til at komediespelet fekk kunstnarleg ry – og godkjentstempel av «kultureliten».

Alvorsroller og realisme

Skjønberg si fyrste rolle ved Det Norske Teatret var i Stormyrtausi av Selma Lagerlöf, der ho spela mor Inga i ei historie om umogleg kjærleik mellom en bondegut og ei husmannsjente. Standsforskjellar på bygdene og kulturforskjellar mellom by og bygd var tema i mange av stykka som hadde premiere i 1920-åra. Stålboraren, som vart sett opp i 1921, handlar om nedgangstider og harde lønnskampar, og her fann Skjønberg uttrykk for brukseigarfrua som vert forelska i streikeleiaren.

Utover i 1930-åra spela Skjønberg i fleire karakterroller, mellom anna i stykke av Maxim Gorkij og Leo Tolstoj. I 1941, då Skjønberg feira 25-årsjubileum som skodespelar, vart jubileet opna med urpremieren på Utstøytt, ein einaktar med Skjønberg som forfattar og ho sjølv i hovudrolla. Her var det lite komikk. Stykket handlar om ei mor som får att son sin som mordar, og som legg skulda for brotsverket på seg sjølv.

Barneteater

Også born kunne glede seg over Skjønberg sine allsidige kunstnarevner. Ho skreiv fleire teaterstykke for born, og det første, Bli med til Kina, vart rekna som ei fornying av norsk barneteater. Under andre verdskrigen sette ho i scene Prinsessene i berget det blå og Kari Trestakk, og til jul i fredsåret 1945 kom Prinsesse Tone. Etter krigen tok ho tak i ei gamal barneforteljing og omarbeidde ho til skodespel med tittelen Hallo i Afrika. Stykket hausta store lovord. I 1956 vart Prinsessene i berget det blå sett opp på ny, og det vart ein suksess blant unge teatergjengarar, med 73 framsyningar.

Filmroller

I tillegg til arbeidet ved teatret rakk Skjønberg å spele med i ei mengd filmar. På lerretet, som på scena, var det i komediar ho hausta dei fremste triumfane. Den første filmrolla hadde ho i stumfilmen Fante-Anne frå 1920, ei bygdehistorie om innesperra glede og gråt. Filmen var ei nasjonalromantisk folkelivsskildring, ein sjanger som prega norsk filmproduksjon dei neste ti åra. I 1939 spela ho i filmen om meistertjuven Gjest Baardsen, som Dagbladet oppsummerte som ein viktig siger for norsk film.

Julekomedien Tante Pose, frå 1940, der Skjønberg hadde tittelrolla, vart omfamna av publikum. Filmen vart vist på fjernsyn første gongen i 1970 og vart i tiåra etter ein fast tradisjon blant NRK sine julefilmar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arkivet til Det Norske Teatret
  • Knut Ove Arntzen ofl. (red.): Kunnskapsforlagets teater- og filmleksikon. Oslo 1991
  • Svein Erik Brodal: «Henny Skjønberg», Norsk biografisk leksikon, bd. nr. 8. Oslo 2004
  • Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963. Oslo 1963

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg