Faktaboks

Fredrik Størmer
Henrik Christian Fredrik Størmer
Fødd
19. august 1839, Trondheim, Sør-Trøndelag
Død
29. desember 1900, Kristiania (no Oslo)
Verke
Ingeniør, oppfinner og industrigründer
Familie

Foreldre: Kjøpmann Henrik Christian Fredrik Størmer (1809–62) og Dorothea Margrethe Heldahl (1813–85).

Ugift.

Farbror til Carl Størmer (1874–1957).

Fredrik Størmer
Av /Nasjonalbiblioteket.

Fredrik Størmer var ein norsk ingeniør, industrigründer, oppfinnar og målmann. Han var mykje engasjert i utvikling av treindustri og utnytting av fossar til elektrisk kraftforsyning.

Størmer studerte maskinbygging ved den tekniske høgskulen i Karlsruhe, Tyskland, i 1857–1860 og var var verksmeister ved Myrens mekaniske verksted i Christiania i 1860–1862. Dei neste åra etablerte han treoljefabrikkar i Hemne og på Tingvoll (1862–1865), ein fabrikk for trekolbrikettar i Tistedalen (1868) og ein oksalsyrefabrikk i Fredrikstad. Seinare stod han for bygginga av cellulosefabrikkar i Moss (1883), Ranheim (1884) og Bamble (1889). Han tok i alt ut 15 patent, for det meste innanfor kjemisk-teknisk industri.

Frå 1870-åra heiv Størmer seg inn i den store striden om jernbaneutbygginga og agiterte for normalspora jernbanar. Han var den første store fosseoppkjøparen i Noreg og skaffa seg fire fossar i Glåma og fallrettar tretten andre stader i landet. Størmer var ein framsynt og ihuga talsmann for overføring av elektrisk vasskraft over lengre avstandar.

Sjølv skreiv Størmer oftast dansk-norsk, men han støtta målsaka varmt. I 1862 var han den drivande krafta i det første mållaget i Trondheim. Fleire av fossane testamenterte han til Det Norske Samlaget, noko som danna grunnlaget for Størmer-fondet.

Dei siste to og eit halvt åra av livet hadde Størmer dårleg helse, ironisk nok etter å ha vorte overkøyrd av trikken i Kristiania.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Broch, Just (1943): Fredrik Størmer. En pioner i norsk teknikk og industri. Oslo: Cappelen. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
  • Hanssen, Olaf (1935): «Ingeniør Fredrik Størmer» i Norsk Aarbok

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg