Hopp til innhold
Foto: Geir M. Brungot, Aschehoug. Fotoet er nytta etter avtale med forlaget.
Foto: Geir M. Brungot, Aschehoug. Fotoet er nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Hermann Starheimsæter

Hermann Starheimsæter, nynorskforfattar som skriv i mange sjangrar og mellom anna er oppteken av språk og galskap, og av det nynorske prosjektet.

Hermann Starheimsæter er fødd 2. august 1950 i Lærdal og bur no i Sykkylven på Sunnmøre. Han har studert psykologi ved universitetet i Bergen (1971) og psykologi og litteratur ved St. Olaf College i Minnesota, USA (1973). Han har arbeidd som gartnar, resepsjonist, lærar og journalist i Gula Tidend (1978–79 og 1982–88) og har vore forfattar på heiltid sidan 1988.
Han debuterte med diktsamlinga Lungeblæretre i 1980, som fekk fine kritikkar. I 1986 kom novellesamlinga Neslesommarfuglen og i 1988 Knutepunkt, ein syklus med kortdikt. I 1990 kom debutromanen og gjennombrotet, barneskildringa Han gjorde det. Denne boka gjekk òg som opplesingsserie på NRK.
I bøkene til Starheimsæter møter vi ei grunnleggjande søking etter meining. Han har skrive noveller, dikt, romanar og barnebøker og er representert i ulike antologiar. Dei siste åra har han markert seg mest som romanforfattar.
Han fekk Melsom-prisen, Mads Wiel Nygaards legat og Sunnmørsprisen for debutromanen sin.
Fleire sjangrar
Den tospråklege boka Steinskuggar (Stone-shadows), med dikt og fotografi laga saman med fotograf Jens Hauge og omsetjar Robin Fulton vekte stor interesse då ho kom i 1991. Motiva er henta frå Lærdal, og Starheimsæter har spunne ein fabel om ein som kjem tilbake til heimstaden.
Starheimsæter veksla lenge mellom å gi ut poesi og prosa. Romanen Det trettande bildet kom i 1993, og diktsamlinga Rom bak rom bak i 1995. Romanen Som om eg ikkje hugsar blei utgitt i 1997. Her skildrar Starheimsæter korleis eit mentalt samanbrot påverkar minne og sansing. I fleire av romanane er skildringar av psykiske grensetilstandar viktige. Både som lyrikar og prosaist evnar han å skildre landskap og born, og Starheimsæter skapar atmosfære, intensitet og vare sinnsstemningar.
I 1999 gav Starheimsæter ut barneboka Bang! sa Big. Aslak er 11 år og redd for det meste. Han vil helst lese, tenkje og sjå på fjernsyn, til han møter ein gut, Big, som ikkje er redd for noko. I 2000 kom oppfølgjaren Den svarte Audien. Aslak har ingen far som kan forsvare han, men Big dukkar opp når Aslak treng han mest, og dei tek opp kampen mot dei farlege gutane frå Øyra.
Språk og galskap
Den første romanen hans på bokmål, Nordvegen, kom i 2003. Denne boka handlar om språk og galskap. Nordvegen inneheld språkpolitisk og kulturpolitisk konfliktstoff. Hovudpersonen, lærar og journalist Claus Hjelle, blei mentalt sjuk etter at avisprosjektet hans «Bygdi» blei nedlagt. Han skriv livshistoria si samtidig som han arbeider med eit manus om nynorsk kulturhistorie frå Ivar Aasen og framover og kvifor nynorskprosjektet etter hans meining stranda. Han vil vise kor djupt språket sit i menneska og får distanse til det ved å skrive på bokmål. Boka kan òg lesast som ein kritikk av målrørsla.
Nattbussen (2007) er eit frittståande framhald av Nordvegen, men boka er skriven på nynorsk. Eks-journalist Claus Hjelle sit på nattbussen mellom Sogn og Oslo og les pasientjournalen sin. Nattbussen er eit djupdykk i menneskesinnet og ei utforsking av randsona mellom normalitet og galskap. Romanen balanserer mellom humoristiske og djupt tragiske tema. Utopien til Helle er nynorsklandet, og det blir kjempa om definisjonsmakt og målformer. Boka fortel òg om psykiatriske institusjonar, behandling og verknader av medisinar.
I 2012 kom siste band av trilogien om Claus Hjelle, Der nåden finst. Romanen er skriven på nynorsk og er ein frittståande oppfølgjar til Nordvegen og Nattbussen. Hjelle driv framleis ein kamp med språket og galskapen. I romanen er han attende i heimbygda i Sogn og treffer att ein gamal skulekamerat. Dette får følgjer. Men Hjelle har noko han ikkje har snakka med mor si om som han stadig utsett. Nåde og skuld står sentralt og lesaren kjem tett på hovudpersonen.
Kjelder
Forfattarside om Hermann Starheimsæter, Aschehoug, aschehoug.no,
Forfattarside om Hermann Starheimsæter, Skrift, skrift.no,
Nettstaden til Hermann Starheimsæter,  http://www.hermann-star.com/ [lesedato 27.10.2010]
Pressemelding: «Lansering av "Der nåden finst" av Hermann Starheimsæter», publisert 29.10.2012: http://www.mynewsdesk.com/no/samlaget/pressreleases/lansering-av-der-naaden-finst-av-hermann-starheimsaeter-804672 [lesedato 21.11.2012]

Først publisert: 27.10.2010
Sist oppdatert: 03.01.2014