Hopp til innhold
Inger-Marie Sperre i 2015. Foto: Utenriksdepartementet UD, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
Inger-Marie Sperre i 2015. Foto: Utenriksdepartementet UD, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

Inger-Marie Sperre

Inger-Marie Sperre, jurist, administrerande direktør i hjørnesteinsbedrifta Brødrene Sperre AS i Ålesund og visepresident i NHO.

Inger-Marie Sperre er fødd i 1971 i Ålesund i Møre og Romsdal, der ho òg er busett. Ho tok vidaregåande skule i 1987–90 og er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen 1992–96.

Sperre arbeidde først som juridisk konsulent for Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) i 1996–99, så var ho dommarfullmektig ved Sunnmøre tingrett i 1999–2002 og advokat hos Tømmerdal og Co i 2003–05. Ho arbeidde som politiadvokat i Ålesund i 2005–07 og advokat i Nyland og Sperre frå 2008, før ho blei dagleg leiar av det familieeigde fiskeindustrikonsernet Brødrene Sperre AS i 2012. Firmaet driv med foredling og sal av fisk og er ein av dei største aktørane i norsk fiskerinæring.

Sperre melde seg inn i Høgre i 2007 og blei kumulert inn i bystyret i Ålesund ved lokalvalet i 2007. Ho var kommunestyrerepresentant for Høgre i Ålesund i 2007–15, delar av tida som gruppeleiar for partiet, men ho gav seg etter intern strid i partiet lokalt. Som politikar er ho verdikonservativ, vil leggje til rette for privat eigarskap og er oppteken av at staten legg betre til rette for gründerar.

Sperre er oppvaksen i ein gründerfamilie, vil få ting til på eiga hand og er ei av få kvinner i leiinga av bedrifter i sjømatnæringa. Ho fryktar for fiskeeksporten i samband med brexit. Brexit gir mykje uvisse i bransjen, sidan Storbritannia er ein av dei viktigaste marknadene.

Sperre er visepresident i NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon) frå 2017 og var styremedlem i bransjeorganisasjonen Sjømat Norge i 2011–15 og styreleiar frå 2015. Ho er medlem av Domstolkommisjonen frå 2017, og ho har òg vore styremedlem i GIEK Kredittforsikring AS (2013–15), Aalesund Fotballklubb og Rem Offshore. Ho er også styreleiar i fleire bedrifter, mellom anna Bingsa Gjenvinning AS, Sevrin Tranvåg AS og Sperrefish AS.

 

Kjelder

Hilde Hovik: «Sperre fikk nok av lokalpolitikken», smp.no, publisert 22.7.17 (krev abonnement): https://www.smp.no/nyheter/2017/07/21/Sperre-fikk-nok-av-lokalpolitikken-15051305.ece [lesedato 1.11.2019]

Kenneth Kamp: «Hun bevarer og fornyer», nyttiuka.no, publisert 12.11.2008: http://www.nyttiuka.no/default.aspx?menu=696&id=10207 [lesedato 31.10.2019]

Inger-Marie Sperre, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/inger-marie-sperre-a86bb348/?originalSubdomain=no [lesedato 31.10.2019]

 

Peikarar

Knut Magnus Berge: «Norsk uro før brexit: Fryktar rotnande fersk fisk i trailerar på grensa», nrk.no

Justisdepartementet: «Offentlig utvalg skal utrede domstolenes organisering – en ny domstolkommisjon», regjeringen.no

Gard L. Michalsen «'Ingen har det så travelt som en død torsk. Kanskje litt for travelt'», e24.no

Sunnmørsposten: «Sperre gjenvalgt som leder», smp.no

Først publisert: 17.01.2020
Sist oppdatert: 17.01.2020