Hopp til innhold
Ingrid Storholmen
Ingrid Storholmen
Foto: Aschehoug forlag. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Ingrid Storholmen

Ingrid Storholmen, lyrikar og litteraturkritikar. Storholmen er ein samtidslyrikar med stor vilje og evne til eksperimentering, også med typografisk uttrykk og form på bøkene sine.

Storholmen er fødd 22. mai 1976 i Verdal og bur i Trondheim. Ho tok mellomfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo i 1996 og hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen i 2000. Ho studerte ved forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark i 2000.
 
Ingrid Storholmen har vore litteraturredaktør i Morgenbladet og var med på å starte LUJ nordenfjeldske litteraturtidsskrift, som kom med to nummer i 2003. Ho er engasjert i uetablerte, alternative skrivemiljø og har halde mange skrivekurs.
 
Ho debuterte med diktsamlinga Krypskyttarloven i 2001. Forholdet til kvinner i tidlegare generasjonar er tema både i Skamtalen Graceland (2005) og i Siriboka (2007). Forfattaren reflekterer over forholdet mellom kvinner til ulike tider og den innverknaden slekta har på kven vi er.
 
Storholmen bryt friskt med estetiske normer og sjangerkonvensjonar og blandar drama, lyrikk og prosa i tekstane. Ho vekslar mellom nynorsk og bokmål. Siriboka og Krypskyttarloven er skrivne på nynorsk, medan Skamtalen Graceland er på bokmål.
 
Kjelder
Mariann Enge: «Betydningen av et liv», melding av Siriboka i Aftenposten 7.10.2007
Ingunn Økland: «Statisk eksperiment», melding av Skamtalen Graceland i Aftenposten 18.10.2006
 
Forfattarside om Ingrid Storholmen, Sør-Trøndelag fylkesbibliotek, http://www.st.fylkesbibl.no/forfattere/storholmen.html [lesedato 22.07.2009]

Først publisert: 22.07.2009
Sist oppdatert: 20.08.2014