Faktaboks

Jan Inge Sørbø
Fødd
16. september 1954, Bru i Rennesøy (no Stavanger), Rogaland
Jan Inge Sørbø.
Av /Samlaget.

Jan Inge Sørbø er ein norsk litteraturvitar, professor i nynorsk skriftkultur og forfattar. Han skriv både lyrikk, prosa og sakprosa.

Bakgrunn

Sørbø er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda sidan 2001 og ved Ivar Aasen-instituttet same stad frå 2002. Sørbø var journalist i Dagen frå 1980–1987 og i Stavanger Aftenblad frå 1987–1989, før han i 1990 kom til Møreforsking i Volda. I åra 1993–1997 var han redaktør i Syn og Segn.

Forfattarskapen

Sørbø debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke (1986), og har seinare skrive ei rekkje romanar og diktsamlingar. Han har også skrive avhandlingar og essayistiske bøker om forfattarar som Arnold Eidslott, Ronald Fangen og Alexander Kielland. Hans Skjervheim – ein intellektuell biografi kom ut i 2002. Romanen Symfoni No. 3, Opus 41 (2006) er eit nært portrett av Fartein Valen. I 2009 gav Sørbø ut Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust.

Sørbø har òg skrive biografi om Arne Garborg i boka Arne Garborg: frå bleike myr til alveland i 2015, med eit særleg analytisk blikk på forfattarskapen til Garborg. I 2017 gav Sørbø ut det kritikarroste verket Nynorsk litteraturhistorie. Der gir han ein gjennomgang av den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen fram til vår eiga samtid. I boka Fire store: Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam (2022) viser Sørbø korleis desse fire nynorske kvinnelege forfattarane og forfattarskapane deira har vorte forminska i litteraturhistoria, og kvifor desse fire forfattarskapane er verde å framheve.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg