Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Jan Tore Sanner

Jan Tore Sanner, marknadsøkonom og kunnskaps- og integreringsminister. Han er første nestleiar i Høgre.

Jan Tore Sanner er fødd 6. mai 1965 i Bærum i Akershus. Han tok vidaregåande skule i 1981–84, marknadsføringsleiing ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1987, grunnfag i marknadskommunikasjon ved Westerdals Reklameskole i 1989, marknadsøkonomi ved Norges Markedshøyskole i 1994 og informasjonskurs ved Forsvarets høgskole i 2011. Sanner har arbeidd mykje med politikk, mellom anna som stortingsrepresentant i meir enn 20 år for Høgre frå Akershus. Frå 2013 til 2018 var Sanner kommunal- og moderniseringsminister i Solberg-regjeringa. Januar 2018 vart han kunnskaps- og integeringsminister.

Sanner var varamedlem i Bærum kommunestyre i 1983–89, leiar i Bærum Unge Høgre i 1985–86, valkampsekretær i 1985 og leiar i Bærum Høgre i 1998–2000. Han var politisk sekretær i Unge Høgres Landsforbund i 1986–87, nestleiar i 1988–90 og leiar i 1990–94, leiar i Akershus Unge Høgre i 1987–88, informasjonssekretær og politisk sekretær for Akershus Høgre i 1987–88 og 1. nestleiar i 2001–05, medlem og seinare leiar av programkomiteen til Høgre i 2000–09, medlem av sentralstyret i Høgre i 1988–94 og Høgres arbeidsutval 1990–94, 2. nestleiar i Høgre i 2004–08 og 1. nestleiar frå 2008.

Sanner var vararepresentant til Stortinget for Høgre frå Akershus i 1989–93 og møtte fast i 1989–90 for statsråd Kaci Kullmann Five. Frå 1993 har han hatt fast plass på Stortinget, men frå 2013 er han statsråd. Sanner har vore medlem av forbrukar- og administrasjonskomiteen 1989–90, kyrkje-utdannings- og forskingskomiteen 1993–97, nestleiar i energi- og miljøkomiteen 1997–2001, medlem i den utvida utanrikskomiteen 2001–05, valkomiteen 2001–13 og finanskomiteen 2001–13, frå 2005–13 som 2. nestleiar i komiteen. I 2001–13 var han parlamentarisk nestleiar i Høgre. Skule og utdanning, menneskerettar, finans, samferdsel, energispørsmål og miljøvern er viktige politiske saker for Sanner.

Han har vore redaktør for fleire fagbøker, mellom anna om skulepolitikk: Mangfold og valgfrihet fremmer kvalitet i skolen (1995) og Kunnskap, mangfold og valgfrihet (1997).

Sanner har hatt ei rekkje verv, mellom anna som medlem av skuleutvalet ved Oslo Private Gymnas i 1996–97, medlem av styret i AAYPL (Atlantic Assosiation of Young Political Leaders) i 1997–99 og leiar for styret i 1999–2001, leiar i styret for Henie Onstad Kunstsenter i 2000–02, rådsmedlem i Den Norske Helsingforskomiteen frå 1994 og i Én Verden frå 1998, medlem av ICDC (International Committee for Democracy in Cuba) frå 2008 og medlem i styret for Stabæk IF frå 2011.

Han fekk Dysleksiprisen tildelt av Telemark fylkeslag av Norsk Dysleksiforbund i 1997.

Kjelder

Jan Tore Sanner, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=JTS [lesedato 21.10.2013]

Om Jan Tore Sanner på nettstaden til Høgre, hogre.nohttps://hoyre.no/personprofiler/j/s/jan-tore-sanner/ [lesedato 23.1.2019]

Peikarar

Bloggen til Jan Tore Sanner

Først publisert: 21.10.2013
Sist oppdatert: 23.01.2019