Innhald
Jean Sibelius
Jean Sibelius, 1865–1957, var finsk komponist, og han er rekna som ein av dei største i Norden. Det finske nasjonaleposet Kalevala var inspirasjonskjelde til mange av verka hans.
Sibelius skreiv sju symfoniar, symfoniske dikt som Finlandia og Tapiola, Leminkainensuiten, Kareliasuiten, ein fiolinkonsert, Valse triste, mange romansar, scenemusikk og meir.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 11.05.2014