Faktaboks

Johan Snøfugl
Fødd
30. april 1909, Buvika i Sør-Trøndelag
Død
13. mars 1984, Melhus

Johan Snøfugl var ein norsk redaktør, journalist, forfattar og politikar. Han la ned ein stor innsats for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag og Nord-Noreg. Snøfugl viste mot under andre verdskrigen, då han som einaste redaktør trykte nekrologar over falne norske soldatar.

Aviser og tidsskrift

Gjennom ein lang karriere i ulike tidsskrift var Snøfugl journalist i to aviser, og han gav ut eller redigerte fem andre blad og aviser. Han var med på å starte magasinet Bygdeungdommen i Trondheim i 1936, saman med mellom anna Jon Leirfall, og han var redaktør i dette magasinet frå 1938 til 1948.

Medan Snøfugl var redaktør for magasinet Bygdeungdommen, 1938 til 1948, fekk både debutantar og mange kjende forfattarar tekstar på trykk i bladet. Kjell Aukrust, Guttorm Hansen og Herman Aune var mellom dei som debuterte litterært i Bygdeungdommen, og etablerte forfattarar som Johan Falkberget, Tarjei Vesaas, Johan Bojer og Mikkjel Fønhus var bidragsytarar medan Snøfugl var redaktør.

Snøfugl viste stort mot under den tyske okkupasjonen. Som einaste blad i Noreg trykte Bygdeungdommen minneord om falne norske soldatar. Frå august 1940 til juli 1943 vart nekrologane trykte under vignetten «Han stupte, men merket det stod ...». Dette vart sett på som ein provokasjon. I 1942 vart redaktør Snøfugl pressa av okkupasjonsmakta til også å trykkje minneord om falne tyske soldatar. Likevel vart han kalla inn til harde avhøyr. Etter ei tid flytta han frå Trondheim til ei hytte på Rørosvidda, for å vere nærmare grensa til Sverige dersom han måtte flykte frå nazistane. Bygdeungdommen vart stoppa i 1943 og kom ikkje i gang att før etter krigen.

Snøfugl var i åra 1950 til 1965 redaktør i Nordlands Folkeblad (Mosjøen) og tvillingavisene Ofoten Folkeblad og Nordlendingen (Narvik). Etter kvart etablerte han magasinet Bygdebrevet (1964–1984), der han sjølv var redaktør. Snøfugl var òg medarbeidar i Melhusbladet frå 1979 og fram til han døydde i 1984.

Som då han var redaktør i Bygdeungdommen, tok Snøfugl inn dikt, forteljingar og skisser av unge skribentar i Bygdebrevet. I ei tid då det ikkje var særleg vanleg å bruke nynorsk i offentleg samanheng i Trøndelag og Nord-Noreg, var Snøfugl heile tida ein redaktør som brukte både nynorsk og bokmål i blada sine.

I 1956 starta Snøfugl sitt eige trykkjeri i Buvika, Bygdetrykk. I 1958 flytta han trykkjeriet til Melhus, og etter kvart tok sonen, Åsmund Snøfugl, over. Åsmund Snøfugl etablerte Snøfugl forlag i 1972, og det vart naturleg å innlemme Bygdetrykk som ein del av forlaget.

Skjønnlitteratur

Gjennom ti skjønnlitterære bøker skreiv Johan Snøfugl romanar, noveller og barnebøker. Debutromanen Med i fossen, kom ut i 1929. Den siste boka, Det kom ein framand, vart utgitt i 1984. Han var òg mykje nytta som foredragshaldar og kåsør.

Den skjønnlitterære debuten for Snøfugl var romanen Med i fossen (1929), som handlar om eit drap som hadde gått føre seg på ein gard på 1800-talet. Seinare kom ni skjønnlitterære bøker, der Snøfugl skreiv for både unge og vaksne.

Den mest kjende av bøkene hans er Den gamle garden (1943), som har selt i over 17 000 eksemplar. Denne romanen er den første boka i ein trilogi, der Du tok livet (1945) og Det kom ein framand (1984) er nummer to og tre. Den gamle garden handlar om folka på slektsgarden Heid, om arbeidsliv, idrett og kjærleik, og handlinga er lagd til krisetida i 1920-åra. Historia om folka på Heid starta som framhaldsforteljing i Bygdeungdommen i 1943, men då bladet vart stoppa av tyskarane, kom resten av historia etter kvart ut i bokform. Romanen vart den nynorske romanen som selde best i Noreg det året.

Politikk

I ungdomen var Snøfugl bonde og ein engasjert politikar, som representant for Bondepartiet (i dag Senterpartiet). Han var ordførar i Buvik kommune frå 1948 til 1950, og i den første stortingsperioden etter andre verdskrigen var han varamann til Stortinget (1945–1949).

Nynorsk

Snøfugl har gjennom eit liv som bladmann og forfattar lagt ned ein formidabel innsats for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag og Nord-Noreg. For innsatsen sin for kulturlivet fekk han Melhus kommune sin kulturpris i 1979.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
  • Åsmund Snøfugl: «Han skreiv romanen Den gamle garden», artikkel i Jul i Trøndelag 2011

Eksterne lenker

Faktaboks

Johan Snøfugl
Historisk befolkingsregister-ID
pf01074179000441

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg