Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Sverdrup

Johan Sverdrup, politikar og stortingsrepresentant. Han var den norske parlamentarismens far og blei den første statsministeren frå Venstre.

Johan Sverdrup var fødd 30. juli 1816 i Sem (Vestfold) og døydde 17. februar 1892 i Kristiania. Av utdanning var han jurist. Sverdrup etablerte seg som sakførar i Larvik, der han engasjerte seg i lokalpolitikken og blei ordførar i 1849. Han møtte på Stortinget første gongen i 1851 og var stortingsrepresentant resten av livet, med unntak av åra 1884–1888, då han var statsminister.
Sverdrup markerte seg i rikspolitikken som strateg og samlande leiar for ei samansett gruppe av radikale akademikarar, det såkalla «sakførarpartiet», og bonderepresentantar. Han stod sentralt i kampen for parlamentarisk styresett, uttrykt i kravet om at statsrådane skulle kunne møte i Stortinget.
I 1884 blei Sverdrup den første formannen i partiet Venstre og statsminister for den første parlamentariske regjeringa i Noreg. Men han var meir framgangsrik som opposisjonspolitikar enn som regjeringssjef. Sterke indre spenningar i Venstre førte til at partiet og regjeringa sprakk i 1888, og Sverdrup gjekk av som statsminister året etter.
Yrkespolitikar
Johan Sverdrup var kanskje den første heiltidspolitikaren vi har hatt i Noreg. Stillingane som hypotekbankdirektør (frå 1857) og statsrevisor (frå 1860) var politiske verv. I åra 1876–1878 var han òg redaktør i Verdens Gang, den gongen ei radikal opposisjonsavis. Men den viktigaste arbeidsplassen var Stortinget. Politikken blei yrkeslivet hans, privatøkonomien blei til tider kaotisk. Personleg var ikkje Sverdrup lett å kome inn på, men han hadde store evner som politisk strateg og som talar.
Radikal og nasjonal demokrat
På Stortinget engasjerte Sverdrup seg tidleg for demokratiske reformer, til dømes utviding av røysteretten og innføring av jury i straffesaker. Han la vekt på å markere norsk sjølvstende i unionen med Sverige og arbeidde for å styrkje stillinga til Stortinget i høve til kongemakt, regjering og embetsverk. Han blei president i Odelstinget i 1862 og stortingspresident i 1871. Interessefeltet hans inkluderte både forsvars-, samferdsle-, nærings- og kulturpolitikk. Sverdrup var ein viktig talsmann for landsmålet i stortingsdebattar, og Det Norske Samlaget valde han til æresmedlem i 1881.
Partibyggjar
Sverdrup søkte samarbeid med dei leiande bonderepresentantane på Stortinget, først Ole Gabriel Ueland. I 1859 var dei med på å skipe «Reformforeningen» saman med ei gruppe likesinna bønder og radikale akademikarar, eit tidleg, men mislukka forsøk på å samle eit politisk parti.
Frå 1869 kom Stortinget saman til årlege sesjonar i staden for kvart tredje år. Samtidig etablerte Sverdrup eit slagkraftig politisk samarbeid med Søren Jaabæk, leiaren av bondeven-rørsla. No stod Sverdrup fram som leiar av den regjeringskritiske opposisjonen. Den politiske spenninga auka, særleg knytt til statsrådssaka, som utvikla seg til ein strid om kongen hadde rett til å nekte vedtekne grunnlovsendringar (veto), og eit krav om at regjeringa måtte ha tillit i nasjonalforsamlinga (parlamentarisme). 9. juni 1880 sette Stortinget det kongelege vetoet i statsrådssaka til side, og vinteren 1884 blei dei sentrale regjeringsmedlemmene avsette ved riksrettsdom. Under denne forfatningskampen blei dei første formelle politiske partia i Noreg skipa, Høgre og Venstre, det siste med Sverdrup som formann.
Statsminister
26. juni 1884 skipa Sverdrup den første parlamentariske regjeringa i Noreg. Røysterettsutvidinga og juryordninga blei gjennomførte. Regjeringa tok initiativ til store reformer i skule, kyrkje og arbeidsliv. I 1885 fekk målsaka sitt politiske gjennombrot, mellom anna gjennom det såkalla jamstellingsvedtaket 12. mai.
Som regjeringssjef kom Sverdrup likevel til å skuffe mange av tilhengjarane sine. Det var sterke personkonfliktar i statsrådet. Ein intern strid i partiet mellom «moderate» og «reine» venstrefolk kom særleg til uttrykk i saker som galdt kultur og livssyn. Eit framlegg om demokratiske reformer av kyrkja (sokneråd) blei nedstemt i Stortinget i 1887. Fire statsrådar trekte seg vinteren etter, og partiet gjekk i oppløysing. Sverdrup gjekk likevel ikkje av som regjeringssjef, men heldt fram som leiar for ei mindretalsregjering med basis i Moderate Venstre enno eit år.
Kjelder
Walter Scott Dahl: Johan Sverdrup. Et storthingsbillede, bd. 1-3. Kristiania 1899–1904
Lars Eskeland: Johan Sverdrup og málreisingi. Oslo 1923
Per Fuglum: «Johan Sverdrup», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005
Halvdan Koht: Johan Sverdrup, bd. 1-3. Kristiania 1918–1925
Jostein Nerbøvik: Norsk historie 1860–1914, bd. 5: Eit bondesamfunn i oppbrot . Oslo 1999
Jens Arup Seip: Utsikt over Norges historie, bd. 2: Tidsrommet ca. 1850-1884. Oslo 1981
Peikarar

Først publisert: 27.09.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013