Innhald
Johannes Skar
Johannes Skar, folkeminnesamlar som gav ut åtte band med Gamalt or Sætesdal.
Skar var fødd i Øyer
18. november 1837 og døydde i Bygland 3. februar 1914. Han var bror til Matias
Skard. Han tok examen artium ved latinskulen på Lillehammer i 1859, fullførte
andreeksamen ved universitetet i Kristiania i 1860 og hadde tenkt å studere
filologi, men måtte slå det frå seg på grunn av sjukdom. Åra 1864–71 arbeidde
han med nokre avbrot som huslærar i Ullensaker, Haus i Nordhordland og i
Østerdalen. 1871–73 dreiv han «friskule» i Gausdal, ein slags folkehøgskule for
born.
Skar var merkt av
grundtvigianismen og folkehøgskuletanken. I skuletida på Lillehammer vart han
kjend med Christopher Bruun, og venskapen med Bruun, som seinare vart gift med
syster hans, varte livet ut.
I 1873 reiste han
etter oppmoding frå Vonheim-krinsen til Setesdal for å leite etter meir
fullstendige versjonar av «Draumkvedet». Det mislukkast, men han vart oppteken
av den gamle kulturen i dalen og vende attende året etter, livnærte seg som
blekksmed og lærar og samla folketradisjon. I 1879 vart han kjend med Moltke
Moe, som vart ein god rettleiar og hjelpesmann i innsamlingsarbeidet.
I åra 1883 til 1896
var Skar borte frå Setesdal, var lærar og dreiv med bladarbeid. Mykje av denne
tida budde han i Gausdal. Mellom anna underviste han på Vonheim og var eit par
år huslærar for borna til Bruun.
1897 fekk Skar
statsstipend og vende attende til Setesdal. Med hjelp frå Moltke Moe førebudde
han omhugsamt utgivinga av det tradisjonsmaterialet han hadde samla. I 1903 kom
første bandet av Gamalt or Sætesdal på eige forlag, dei sju andre banda kom ut hos Olaf Norli. Då
Skar døydde, sytte Knut Liestøl for prentinga av dei to siste banda. Føremålet
med verket var ikkje først og fremst vitskapleg, men å vise for setesdølane og
andre den verdien som låg i den gamle folketradisjonen.
Skar gav òg ut Visknut
(1876, ny utgåve 1898), ei bok om Knut Rasmusson Nordgarden, og Soga om
Justinus Martyr, kyrkjefaderen (1904). Då han døydde, arbeidde han med ei
bok om Søren Kierkegaard.
Kjelder
Didrik Arup Seip: «Johannes
Skar», Maal og Minne 1914
Ola O. Bø: Folketradisjon
og kulturarv. Oslo 1988
Olav Bø: Johannes
Skar. Gudbrandsdølen som skapte «Gamalt or Sætesdal». Oslo 1953
Olav Bø: «Skar, Johannes»,
Norsk biografisk leksikon, bd. 13. Oslo 1958
Reimund Kvideland: «Johannes Skar», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004
Knut Liestøl: «Sagnfortælling i Sætesdal», Maal og Minne 1913
Sigmund Skard: Det levande ordet. Ei bok om Matias Skard. Oslo 1972
Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Oslo 1977
Peikarar
Først publisert: 22.12.2010
Sist oppdatert: 07.08.2019
Sist oppdatert: 07.08.2019