Faktaboks

Kåre Skadberg
Fødd
25. juni 1942, Eigersund
Død
30. oktober 2017, Madeira, Portugal

Kåre Skadberg var ein norsk ordboksredaktør, tidlegare kontorsjef for nynorsk i Norsk språkråd. Saman med Aud Søyland førte han arbeidet med Nynorsk ordliste av Alf Hellevik vidare.

Skadberg blei cand.philol. med norsk hovudfag frå Universitetet i Oslo hausten 1968. Etter embetseksamen var Skadberg halvtanna år medarbeidar i Det norske litterære ordboksverk, som seinare vart bokmålsavdelinga i Norsk leksikografisk institutt, og frå hausten 1970 til 1980 var han amanuensis ved Institutt for nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo.

Skadberg var kontorsjef for nynorsk i Norsk språkråd frå august 1980 til august 2002. Kontorsjefane, ein for bokmål og ein for nynorsk, var likestilte sekretariatsleiarar i rådet. I utgreiinga frå Norsk språkråd i 2002 om ei revidert nynorskrettskriving høyrde Skadberg til den fløya som gjekk inn for færre valfrie former. Frå hausten 2002 til 2015 var han redaktør i Norsk Ordbok. Han arbeidde òg som frittståande språkkonsulent og omsette mange lærebøker frå bokmål til nynorsk.

Saman med Eskil Hanssen og Else Mundal skreiv Skadberg ein norrøn grammatikk (1975), og saman med Tor Ulset gav han ut merknader til ei samling norrøne tekstar (1975). Han var òg medarbeidar i Riksmålsordboken (1977). Frå 2000 til 2012 var han saman med Aud Søyland redaktør for Nynorsk ordliste av Alf Hellevik.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg