Faktaboks

Kenneth Sivertsen
Fødd
16. januar 1961, Mosterhamn
Død
24. desember 2006, Bergen
Verke
Komponist, musikar, songar, artist
Familie

Foreldre: Skippar Gunnar Sivertsen (1919–81) og Bertha Elisabeth Svendsen (1924–).

Kenneth Sivertsen i 2000
Kenneth Sivertsen i 2000
Av /NTB.

Kenneth Sivertsen var ein norsk visesongar, humorist, imitator, jazzgitarist og samtidskomponist. Med si store musikalske spennvidde kunne han vanskeleg setjast i bås, og det er kanskje dette som i særleg grad karakteriserte han.

Bakgrunn

Kenneth Sivertsen var fødd og oppvaksen i MosterhamnBømlo. I 1977–1979 gjekk han på musikklina ved Voss folkehøgskule.

Karriere

Sivertsen tok timar i gitar hjå Torbjørn Wiberg og Arild Hansen og i komposisjon hjå Magnar Åm. Han komponerte to symfoniar, Håp og Timeglaset og morgonstjerna, og fleire bestillingsverk for ulike oppdragsgjevarar. Balletten Brytningstid vart bestilt av jubileumsfeiringa «Kyrkja i Noreg 1000 år» i 1995. Denne vart framførd med Nye Carte Blanche Danseteater i Moster Amfi på heimstaden hans, som også var sentrum for 1000-årsjubileet. Sommaren 2001 fekk han i oppdrag frå Bergen Filharmoniske Orkester å komponere eit requiem, og Sivertsen vart såleis første nordiske komponist med eit eige requiem. Verket, ei dødsmesse med norske tekstar iblanda jazz- og rockelement, fekk si urframføring våren 2003 i Grieghallen i Bergen.

Likevel vart nok Sivertsen mest kjend som jazzmusikar og visesongar. Som jazzgitarist slo han for alvor igjennom nasjonalt og internasjonalt med Remembering North, eit stjernespekka album produsert av den amerikanske vibrafonisten Mike Mainieri. Nokre år seinare følgde han opp med One Day in October, etter mellom anna å ha eksperimentert med popplata High Tide. Visesongaren Sivertsen kjem fram i Draumespor, med tekstar av mellom anna William Shakespeare og Halldis Moren Vesaas. På Melk og honning presenterer han sine tolkingar av bedehussongar frå oppveksten i Mosterhamn. Blod og bensin har tekstar prega av eit turbulent personleg liv og fekk ei blanda mottaking av kritikarane. Den siste plata, Fløyel, er ei blanding av gamle og nye låtar.

Sivertsen skreiv tekstar til musikken sin sjølv, men tonesette også tekstar frå kjende forfattarar, som Jon Fosse med Den lilla kvelden, og fleire mindre kjende, som lyrikaren Birger Røksund frå heimstaden hans. Han dreiv eit utstrakt samarbeid med andre musikarar, forfattarar og skodespelarar i eigne og andres produksjonar og turnerte med ulike ensemble. Saman med Bjørn Eidsvåg gjorde Sivertsen ei innspeling av Den fyrste song med tekst av Per Sivle og til melodi av Lars Søraas.

Sivertsen hadde også ei karriere som revyartist og humorist, ein periode saman med dåværande kjæraste Herborg Kråkevik. Dei to slo igjennom nasjonalt som kabaretartistar og gjøglarar midt i 1990-åra. Sivertsen var aktiv deltakar i revy- og kabaretforestillingar, særleg i heimtraktene på Vestlandet. Sommaren 2000 sette han opp kabareten Par i galskap saman med Jon Eikemo på Stord.

Etter at Kenneth Sivertsen og Herborg Kråkevik gjekk frå kvarandre i 1997, opplevde Sivertsen ei svært turbulent tid, med meir eller mindre skandaløse opptredenar i media. Han sleit med psykiske problem og alkoholmisbruk og pådrog seg stor gjeld. Det heile toppa seg våren 2001, då kemnaren truga med tvangssal av kunstnarbustaden hans i Mosterhamn. Sivertsen fekk brei støtte frå kultur-Noreg, og støttekonsertar og ein nedbetalingsplan med kommunen redda til slutt huset. Sivertsen samanlikna i eit intervju det å miste huset sitt med «å knuse fiolinen til Arve Tellefsen».

Våren 2005 fall Sivertsen om på kaia i Haugesund med hjernebløding. Etter sjukehusopphald og rekonvalesens fekk han fleire slag og døydde julaftan 2006. Ein hyllingskonsert til Sivertsen, «Draumespor», vart arrangert for fullt hus på Bømlo i november 2006. Den planlagde reprisa 2. juledag vart i staden ein minnekonsert.

Utgjevingar

Komposisjonar (eit utval)

  • For ope hav I–II, 1983
  • Håp – Symfoni nr. 1, 1984
  • Timeglaset og morgonstjerna – Symfoni nr. 2, 1986
  • Himmelsyn, 1987
  • Whistling Wind, 1990
  • På veg til Hardanger, 1992
  • Brytningstid, 1995
  • Den lilla kvelven, 1995
  • Sollandet frå grav, 2000
  • Requiem, 2003

Album

  • Flo, 1990
  • Remembering North, 1993
  • High Tide, 1994
  • Draumespor, 1996
  • One Day in October, 1997
  • Melk og honning, 1998
  • Blod og bensin, 2000
  • Fløyel, 2004

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Store norske leksikon bd. 13, 1998
  • J. Berge: Sivertsens gale verden, i NTB Pluss 07.04.2000
  • S. G. Haga: Jeg er undervurdert, i Dagbladet 15.01.2001
  • T. Horvei: Gje meg meir tid og ro, i Haugesunds Avis 16.08.2001
  • S. Gripsrud: Kenneth lover rabalder, i Bergens Tidende 19.11.2001
  • L. Gjerstad: Kenneth klar med nytt album, i Bergensavisen 22.12.2002
  • F. Johnsen: Vender om igjen, i Bergensavisen 24.12.2002
  • A. F. Frøystad: Tilbake til livet, i Bergensavisen 25.04.2003
  • T. Horvei: Dødsmesse og klovnerier, i Haugesunds Avis 20.07.2003
  • F. Johnsen: Skriver selvbiografi, i Bergensavisen 24.10.2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg