Hopp til innhold
X
Innhald

Ketil Skogen

Ketil Skogen, sakførar, sorenskrivar, redaktør, politikar og kraftutbyggjar. Han var den første som tok juridisk embetseksamen på landsmål.

Ketil Skogen var fødd i Sauherad i Telemark 26. august 1884 og døydde 21. mars 1970. Han tok juridisk embetseksamen i 1909. Ein av professorane i eksamenskommisjonen skreiv på eksamenspapiret at dersom «besvarelsen hadde vært på menneskemål, ville den vært meget god». Skogen var aktor i riksrettssaka mot statsminister Abraham Berge i 1926.
 
Skogen arbeidde for eit enklare og meir skjønleg rettsspråk. Saman med Nikolaus Gjelsvik gjorde han mykje for juridisk fagterminologi på nynorsk før 1940.
 
Ketil Skogen var medlem av Sauherad kommunestyre 1910–13 og varaordførar 1919–22. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå Telemark i to periodar (1925–27 og 1946–50).
 
Skogen var redaktør for Den 17de Mai i perioden 1914–16. Han var med og starta Nes Kraftlag i 1928, Nes Mållag i 1909 og blei seinare utnemnd til heidersmedlem i Studentmållaget og Telelaget (ei samanslutning av mållag i Telemark). Ei byste av han står ved Gvarv stasjon.
 
Peikarar
To talar om Ketil Skogen, frå avdukinga av bysta ved Gvarv stasjon

Først publisert: 22.07.2009
Sist oppdatert: 17.11.2017