Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell Sandvik

Kjell Sandvik, 1929–92, var forfattar. Han debuterte som lyrikar med Dikt ved breen i 1968, følgd av mellom anna Expo i 1969. Høgdepunktet kome med Isbilders lys frå 1974 og Sang til Finnmark frå 1989. Andre sentrale arbeid er novellesamlinga Stormen og romanane Ariadne frå 1977 og Vindmarkene, som kom ut posthumt i 1992. Sandvik skreiv mange barnebøker, mellom andre Storm over Utvær i 1980, som er både prislønt og filmatisert.
 
Dessutan gav han ut ei rekkje visebøker, skrønesamlingar og dokumentararbeid. Sandvik hadde formannsvervet både i Nordnorsk Forfatterlag og Den norske Forfatterforening.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.03.2013
Sist oppdatert: 18.03.2013