Faktaboks

Klara Semb
Fødd
17. oktober 1884, Oslo
Død
16. oktober 1970, Oslo
Verke
Dansepedagog og folkedanssamler
Familie

Foreldre: Skomakermester Ole H. Semb (1858–1908) og Amalie Jansen (1861–1953).

Ugift.

Klara Semb i Øst-Telemarksbunad i 1964
Klara Semb i Øst-Telemarksbunad i 1964
Av /Klara Sembs samlinger, deponert i Bunad- og folkedraktrådet.
Kvinnebunader fra Østerdalen som ikke er i produksjon

Klara Semb iført gamle klesplagg fra Østerdalen, tidlig på 1900-tallet.

Kvinnebunader fra Østerdalen som ikke er i produksjon
Av /Bunad- og folkedraktsrådet.

Klara Semb var ein kjennar av norsk folkekultur, og den fremste autoriteten på arbeidet med folkedans og bunader i perioden frå først på 1920-talet og fram til 1960.

Medan Hulda Garborg la eit ideologisk grunnlag for desse fagfelta og hadde eit særleg gjennomslag som sentral kulturpersonlegdom, var Klara Semb praktikaren som utvikla metodar, terminologi og livnærde seg av opplæringsarbeid. Ho sette historisk truverde som eit krav for arbeidet med å vidareføra kulturarv. Ho ville formidla dansane ho skreiv ned slik dei gamle lærde dei til henne. Bunadane skulle byggja på den gamle draktskikken og ikkje tilpassa seg smaken i samtida. Ho var usamd med Hulda Garborg, som meinte ein burde bruka heimelaga stoff heller enn importert brokade og silke, og at ein skulle ta omsyn til kva som var praktisk til bruk i samtida.

Når Klara Semb reiste og heldt kurs i folkedans rundt i heile landet, leita ho samstundes etter gamle draktplagg og gav råd til dei som ville arbeida fram sine eigne lokale bunader. Arbeidet hennar for bunader var uformelt og uløna, heilt fram til ho var den berande eksperten i Landsnemnda for bunadsspørsmål.

Hovudverksemda hennar var å vera lærar i folkedans og leiar av folkedansverksemda i Noregs Ungdomslag. Ho teikna ned og gav ut turdansar ho samla i norske bygder, og ho skreiv òg ned nokre bygdedansar. Ho førte også vidare den norske songdansen som Hulda Garborg skapte på grunnlag av dansen på Færøyane og norske folkeviser. Klara Semb laga dansemåtar til storparten av dei norske songdansane i si tid.

I bøkene laga Semb eit system og ein terminologi for nedteikning av norsk folkedans.

Ho hadde om lag 400 000 elevar på kursa sine rundt i heile landet, og la grunnlaget for folkedanspedagogikk og instruktøropplæring.

Bøker

Semb forfatta bokserien Norske folkedansar. Serien har fire delar og kom i fleire utgåver med litt varierande titlar:

  • Del I, Viser til dansen kom i åtte utgåver mellom 1922 og 1961
  • Del II, Rettleiing til dansen, kom i fem utgåver, 1922–1956
  • Del III, Slåttar, kom i tre utgåver mellom 1917–1952
  • Del IV, Danse, danse dokka mi, kom i éi utgåve i 1958

I 1966 gav Klara Semb ansvaret for serien til Noregs Ungdomslag. Dei sette ned ei nemnd for å revidere serien og gav han ut i to band: Songdansar (1985) og Turdansar (1991).

Verv og prisar

Klara Semb hadde ei rekkje verv og mottok fleire prisar for arbeidet sitt. Ho var:

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bakka, Egil and Gunnel Biskop, eds., Norden i Dans: Folk, Fag, Forskning (Oslo: Novus, 2007)
  • Haugen, Bjørn Sverre Hol,, Norsk Bunadsleksikon Alle Norske Bunader Og Samiske Folkedrakter ([Oslo: Damm, 2007)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg