Hopp til innhold
Kristen Stalleland. Foto: Grimstad, 1884 eller 1885. Frå biletarkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbilioteket.
Kristen Stalleland. Foto: Grimstad, 1884 eller 1885. Frå biletarkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbilioteket.
X
Innhald

Kristen Stalleland

Kristen Stalleland, redaktør og bonde. Frå heimstaden sin i Aust-Agder skapte han det første barnebladet på landsmål, som i dag er eitt av dei eldste barneblada i verda.

Stalleland var fødd i Landvik 6. februar 1861 og døydde 15. februar 1949. Med andreeksamen frå 1882 dreiv han først ungdomsskule og frå 1900 farsgarden.
 
I 1887 skipa han barnebladet Sysvorti, seinare Norsk Barneblad.  Han var redaktør i bladet frå 1897-1894 og frå 1898 - 1904.
 
Han skreiv mange forteljingar for born, og ein del av dei kom i bokform – den første var Sogor fyr born (1887). Han omsette ei tysk bønebok for Fedraheimen i 1885, eit utval av Grimms eventyr i boka Utvalde barne-eventyr (1900) og av Tusen og ei natt i Soga um Aladdin og den underlege kola (1907).
 
Stalleland skreiv fleire småtrykk om målsaka og dessutan biografien Kristian Lofthus (1935).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 17.04.2018