Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Søraas d.e.

Lars Søraas d.e., organist og korleiar som vart landskjend for arbeidet med songkulturen i Noreg, og som i 1907 sette tone til «Den fyrste songen» av Per Sivle.
Lars Søraas d.e. var fødd i Fana 20. juli 1862 og døydde 4. november 1925. Med røynsle som korleiar frå han var 17 år gammal fekk han blank 1 i musikkteori ved lærarprøva på Stord. Han arbeidde deretter i Bergen som lærar, organist og korinstruktør, mellom anna som leiar for Søraas' kor. I åra 1906–12 gav han ut eit skulesongverk i 12 band, basert på den såkalla formelmetoden. Han forbetra songundervisinga i folkeskulen og inspirerte til rikare song- og musikkbruk i kyrkjene, og verket vann òg anerkjenning i utlandet.
 
Søraas var offentleg songinspektør frå 1912 og med i nasjonale komitear til revisjon av liturgi og fremjing av kyrkjesongen. I 1904 var han medstiftar i Norges Organistforbund, den første fagforeininga for musikarar i Noreg, og i ti år var han formann der.
 
Kjelder
Norvall Skreien: Lars Søraas. Far og sønn. Skolesangens og kirkesangens herolder. Oslo 2005

Først publisert: 11.12.2009
Sist oppdatert: 20.08.2010