Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Søraas d.y.

Lars Søraas d.y. sette tone til «Det lyser i stille grender» av Jakob Sande, ein av dei mest folkekjære julesongane i Noreg etter krigen.
Lars Søraas d.y. var fødd i Bergen 30. januar 1887 og døydde 1. april 1976. Han tok lærareksamen i Volda i 1909, var lærar og kordirigent i Bergen og førte vidare livsverket til faren, Lars Søraas d.e., gjennom omfattande musikalsk verksemd, organisatorisk og praktisk. Han var ein myndig leiar for eigne faste kor og ein sterk inspirator for felleskor på songarstemne. Søraas la ned eit stort arbeid i songsamlingar som fekk stor utbreiing landet rundt, såleis Songbok for skule og heim (1929), Sangboken (1930, nye utgåver: Sangboka, Songboka), Norsk allsang (1941), Tonedanning og korsang (1946) og Songbok for skule og heim (1948).
 
Søraas heldt fram at ideell korklang vart skapt når songarane bevisst og musikalsk har oppfatta tonane dei syng. Difor bør ein songar alltid hugse dette: Lytt syngjande og syng lyttande. «Det lyser i stille grender» er ein av få komposisjonar signert Lars Søraas dy.
 
Kjelder
Norvall Skreien: Lars Søraas. Far og sønn. Skolesangens og kirkesangens herolder. Oslo 2005

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 20.08.2010