Hopp til innhold
Lars Svisdal. Foto: ©Paul S. Amundsen. Kjelde: Gyldendal Norsk Forlag. Nytta etter avtale.
Lars Svisdal. Foto: ©Paul S. Amundsen. Kjelde: Gyldendal Norsk Forlag. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Lars Svisdal

Lars Svisdal, forfattar som brakdebuterte i 2018 med Seg til inkjes. Romanen utmerkjer seg med eit fargerikt og dialektprega nynorsk, og som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for.

Lars Svisdal er fødd 12. august 1985 i Sunndal på Nordmøre. Han er busett på eit småbruk på Dyngeland i Bergen. Svisdal var elev ved Molde videregående skole frå 2002 til 2005. Han har ein bachelorgrad i litteraturvitskap frå NTNU i 2008 og studieåret 2008–09 var han elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ved Universitet i Bergen studerte han nordisk språk og litteratur i 2009–10 og tok praktisk-pedagogisk utdanning i 2012–13.

Svisdal arbeidde som ungdomsskulelærar i norsk og engelsk ved Kjøkkelvik skole i Bergen frå 2013 til 2015. Frå 2016 til 2019 var han lærar i dei same faga på ungdomssteget ved Flatbygdi skule i Vik i Sogn.

I 2018 debuterte han med romanen Seg til inkjes. Med ein tittel som ber bod om at nokon kan kome til å utslette seg sjølv, skildrar han miljø og menneske på dei fiktive stadene Vormdalen, garden Svervad og turisthytta Fægrane. Boka vekte stor begeistring hos bokmeldarar og lesarar, og forfattaren fekk svært god omtale for språket og stilen. Med eit fargerikt og gamalmodig nynorsk, rikt krydra med dialektord, målar han fram ein sterk fjellbygdkoloritt, noko som skarpstiller karakterane og konfliktane og gir handlinga autentisitet. Den 19 år gamle Gjøa Grytbø kjem frå urolege familieforhold heime til sommarjobb på Fægrane. Her vert ho dregen inn i nye konfliktar, og med det er forteljinga i full gang.

Svisdal fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for Seg til inkjes i 2019.

 

Kjelder

E‑post frå Lars Svisdal 24.6.2019

 

Jan H. Landro: «Var redd det vart for mykje elende», dagogtid.no, publisert 3.5.2019: https://www.dagogtid.no/kultur/var-redd-det-vart-for-mykje-elende-6.3.10889.598b456305 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 22.8.2019]

Radio Gyldendal: «Lars Svisdal om debutromanen 'Seg til inkjes'», podkastintervju, soundcloud.com, publisert 26.11.2018: https://soundcloud.com/user-732633939/lars-svisdal-om-debutromanen-seg-til-inkjes [lesedato 22.8.2019]

 

Peikarar

Marta Norheim: «Vreidens vaflar», nrk.no

Anne Merethe K. Prinos: «Lars Svisdals bygderoman får det til å knake i hjernevindingene», aftenposten.no

Martin Sørvik: «Debutantpris til forfatter Lars Svisdal fra Sunndal», driva.no

Først publisert: 06.09.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019