Faktaboks

Marcus Schnabel
Fødd
21. juni 1744, Ulvik, Hordaland
Død
5. juni 1780, Lier, Buskerud
Verke
Prest og målgranskar
Familie

Foreldre: Sokneprest Poul Schnabel (1705–92) og Maren Preus Kierulf (død 1753).

Gift 26.6.1778 med Edle (Adele) Johanne Margrethe Saabye (november 1751–15.12.1835), dotter til sokneprest Jørgen Nielsen Saabye (1707–67) og Petronelle Egede (1716–1805; dotter til Hans Egede, 1686–1758).

Marcus Schnabel var ein norsk prest og språkforskar. Han vart cand.theol. ved universitetet i København i 1766, så personellkapellan i Ulvik i 1771–1779 og residerande kapellan i Lier i 1779–1780.

Ved sida av prestegjerninga dreiv han lokale naturundersøkingar, mellom anna meteorologiske målingar, og skreiv ei topografisk skildring over Hardanger (gitt ut posthumt).

Hans hovudinteresse var språk, særleg norrønt, og han var spesielt oppteken av sambandet mellom det gamle norske språket og dei norske dialektane til samtida. Hans korte avhandling Prøve paa om det gamle norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bondemaal vart gitt ut 1784 av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim og er det første vitskaplege arbeidet om norsk språk.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Marcus Schnabel
Historisk befolkingsregister-ID
pl00000000004298

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg