Faktaboks

Margaret Skjelbred
Fødd
25. januar 1949

Margaret Skjelbred er ein forfattar som i 1980-åra skreiv dikt på dialekt. I 1990-åra gav ho ut barnebøker som vart landskjende gjennom NRK. Etter 2000 har ho vorte ein folkekjær forfattar med romanar og ei novellesamling for vaksne.

Margaret Skjelbred er fødd i Stokke i Vestfold 25. januar 1949. Ho tok sjukepleieeksamen i Tønsberg i 1970, utdanna seg vidare til psykiatrisk sjukepleiar og arbeidde dei fleste åra fram til 1990 ved Vestfold sentralsjukehus. Frå 1990 har ho vore forfattar på heiltid.

Ho debuterte som lyrikar med Det er åleine du er i 1983. Deretter følgde diktsamlingane Skilderier (1985) og Bakkesøte, øyentrøst (1989). Barneboka Tom og Andersen vart utgitt i 1993 og er den første av fem bøker om Tom og Andersen. Alle er illustrerte og skrivne på vers, som kan syngjast til Prøysen-tonar. Med romanen Lerkehjerter (1997) vender forfattaren seg til vaksne. Romanen vart bygd ut til trilogi, med oppfølgjarane Vildresinn (1998) og Alvemål (1999). På 2000-talet kom Gulldronning, perledronning (2004) og Mors bok (2009). I alt har ho skrive eit titals romanar. I 2019 debuterte ho som novelleforfattar med Hadde jeg vinger, der kvar novelle opnar med eit naturfoto.

Som lyrikar krinsar Skjelbred om det daglegdagse, som ho formar i rim og rytmar. I Det lir mot kveld / Kristinas reise (2014) har ho valt ei anna verseform, sonetten. Mange av dikta er tonesette, og dei fleste er skrivne på vestfolddialekt. Ho har vore flittig opplesar av eigne dikt ved lokale tilstellingar og i radioen. Gjennom Barnetimen for dei minste har ho nådd ut til born over heile landet med forteljingane sine. Også i romanane tek ho utgangspunkt i nære forhold. I Lerkehjerter er handlinga lagd til vestfoldbygder i byrjinga av 1900-talet, opplevd gjennom tre generasjonar. I Hadde jeg vinger krinsar forteljingane om barndom i 1950-60-åra, slik barna hugsar han som vaksne.

Skjelbred sin kunstnarlege styrke er å fortelje truverdige historier som fangar lesaren. Hovudpersonane er helst kvinner. I den sjølvbiografiske romanen Mors bok fortel ho om oppveksten i ein strengt praktiserande haugianarfamilie. Du skal elske lyset (2011) er ei fiksjonsforteljing med same tema. Her får ho fram korleis folk med sterke religiøse overtydingar kan verte trongsynte livsfornektarar som fører skam og skuldkjensle over dei som står dei nær.

Skjelbred har fått kunstnar-, kultur- og litteraturprisar frå Tønsberg kommune og Vestfold fylke. For forfattarskapen sin på dialekt fekk ho Prøysenprisen i 1989. I 2005 fekk ho Amalie Skram-prisen.

Utmerkingar

  • Prøysenprisen i 1989
  • Amalie Skram-prisen i 2005

Litteratur

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg