Hopp til innhold
X
Innhald

Margit Bruun Sletten

Margit Bruun Sletten, ungdomslagskvinne. Ho var ein av dei målpolitiske gründerane i Oslo kring 1900.

Sletten var fødd i Gausdal17. juni 1875 og døydde 29. januar 1958. Sletten, fødd Bruun, tok lærareksamen i Kristiania1901, men blei aldri lærar. Ho kom med i det miljøet som skipa Bondeungdomslaget i Oslo hausten 1899, der ho var varaformann dei to første åra, hjelpte til på Norsk Maalkontor og var utsending til det målmannsstemnet i Oslo som enda med skipinga av Noregs Mållag i 1906. Sletten var kasserar i Noregs Ungdomslag 1901–12.
 
I ein del litteraturkritikk markerte ho eit heller strengt kriste grunnlag. Saman med Klaus Sletten skreiv ho biografien Menneskesonen om faren Christopher Bruun(1946).
 
Kjelder
Eli Bjørhusdal: Målkvinner før 1900. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 12. Volda 2001
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 24.05.2009
Sist oppdatert: 29.02.2012