Faktaboks

Margit Sandemo
Fødd
23. april 1924, Østre Toten
Død
1. september 2018, Skillinge, Sverige
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Forfatter Anders Underdal (1880–1973) og lærer Elsa Reuterskiöld (1892–1967).

Gift 29.3.1946 i Strängnäs, Sverige med rørmontør Asbjørn Sandemo (19.6.1917–21.5.1999), sønn av smed Ludvig Andersen (1879–1972) og Hulda Karlsson (1889–1956).

Margit Sandemo
Margit Sandemo
Av /Aschehoug.

Margit Sandemo var ein av dei mest folkekjære forfattarane av underhaldningslitteratur i Noreg nokon gong.

Margit Sandemo vart fødd på Lena i Oppland i 1924, flytta til Sverige i 1930 og døydde i heimen sin i Skåne i 2018. Etter gymnaset gjekk ho på teaterskule i Stockholm. Ho fekk roller ved teateret og operaen, men i 1945 braut ho opp frå storbyen og budde i Valdres i mange år.

Den første romanen, De tre frierne, skreiv ho i 1963. Dei neste 10–15 åra skreiv ho føljetongar for aviser og vekeblad, til forlaget Bladsentralen i 1980 bad henne om å skrive ein serie for dei. Det vart starten på Sagaen om Isfolket, ei slektskrønike frå 1500-talet fram til vår tid. Frå 1982 til 1989 skreiv ho 47 bøker om Isfolket. Serien vart ein av dei største boksuksessane i Noreg gjennom tidene og vart seld over heile verda.

Etter Isfolket-bøkene følgde andre storseljande seriar: Heksemesteren (1991–1994), Sagnet om Lysets rike (1995–2000) og Trollruner (2005–2007). I dei fleste av bøkene er handlinga lagd til norsk og nordisk historie, men i trilogien Kiaras saga (2013) er det Irland på 1600-talet som er ramme for forteljinga.

Sandemo skreiv over 180 bøker, som er selde i 40 millionar eksemplar og omsette til eit titals språk. Knapt nokon norsk forfattarar har erobra eit større publikum. Anerkjenning frå litteraturkritikarane skorta det derimot på, og ho fekk ikkje medlemskap i Den norske forfattarforeining.

I 2014 vart ho tildelt Kongens fortenestemedalje for forfattarskapen sin.

Eventyrbøker for vaksne

Sandemo sine lesarar er i hovudsak kvinner. Romanane byr på spenning og romantikk, og kjærleikshistoriene er bygde opp slik at dagens kvinner kjenner seg att i dei historiske heltinnene. Intrigane må vere komplekse nok til å halde på spenninga, men enkle nok til at lesaren kjenner att mønsteret. Medan den etablerte skjønnlitteraturen prøver å skape refleksjon og tolkingsrom, satsa Sandemo på meir eintydige personteikningar for å få lesaren til å identifisere seg med hovudpersonen. Ho visste at dersom ho ikkje greier å skape innlevingsevne hos lesarane, ramlar dei av lasset.

Underhaldningslitteratur må ifølgje Sandemo aksepterast og vurderast som ein eigen litterær sjanger. Sitt eige litterære konsept definerte ho som ei heksegryte av spenning, mystikk og erotikk, der fantasi og realisme glir over i kvarandre. Eit fast innslag i bøkene hennar er at romanpersonane møter farar og hindringar, men han og ho får kvarandre til slutt. Litteraturkritikarar kallar konseptet formelskriving, Sandemo kalla det å vere trufast mot lesarane, som ho meiner fortener føreseielege opplevingar. Samtidig må dei geografiske og historiske skildringane vere truverdige, og for å førebu seg grundig har ho gjort studiereiser til mange land.

Kritikk frå kyrkjeleg hald

I mange av bøkene krinsar forfattaren om religiøse tema, der overnaturlege syner og underjordiske vesen inngår i opplevinga. I byrjinga av forfattarskapen tok forlaget bort alle uforklarlege hendingar, som dei meinte var for umoderne. Då det viste seg at lesarane gjerne ville lese om det uforklarlege, vart det eit hyppig innslag i handlinga. For Sandemo var paranormale fenomen ein del av kvardagen heilt frå barndomen av. Ho har sagt at ho lever i tre verder: denne, den uforklarlege, der ho i periodar er synsk, og fantasiverda.

Bibeltrugne kristne likte ikkje Sandemo sin omgang med overnaturlege vesen. Dei fordømte Isfolket-serien i avisene fordi dei meinte bøkene skremde lesarane med sine mystiske vesen, og på eit bispemøte vart det sagt at bøkene hennar øydela ungdomen. Ho vart skulda for okkultisme og satanisme, og både i Noreg og Sverige tydde ytterleggåande religiøse grupper til bokbål.

Kristne var ikkje dei einaste som var skeptiske. Så seint som i 1989 var det svært få bibliotek som hadde Isfolket-bøkene til låns, og i ei hovudfagsoppgåve frå 1993 vert det hevda at forfattaren skaper eit angstunivers. Kritikarar av alle slag merka seg at Sandemo sine bøker ikkje vart selde i aktverdige bokhandlar, men på bensinstasjonar og i kioskar. Merkelappen kiosklitteratur forsterka inntrykket av at romanane var andrerangs litteratur. For lesarane var det derimot eit pluss at bøkene var billige og lett tilgjengelege, og lesarskaren voks.

Kontakten med lesarane var ein berebjelke i forfattarskapen. Gjennom talrike intervju opplevde lesarane at dei vart kjende med forfattaren, og gjennom mengder av lesarbrev vart forfattaren kjend med publikum. Då det rasa som verst om Isfolket, fekk ho 60 000 brev, dei fleste positive.

I eit halvt hundreår skapte Sandemo leselyst og leseglede hos eit breitt publikum. For denne innsatsen fekk ho Kongens fortenestemedalje i 2014, på 90-årsdagen sin.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kjære Margit!: et festskrift til Nordens folkelesningsdronning, 1994
  • Sølvi Wærhaug: Eventyrdronningen. VigmostadBjørke 2018.
  • Norsk biografisk leksikon 2. utg.
  • Bladkompaniet: Kjære Margit. Et festskrift til Nordens folkelesningsdronning. Oslo 1994
  • Margit Sandemo: Livsglede – en selvbiografi. Oslo 2010
  • Elin Brend Johansen: «Serieromanens historie i Norge», serieliv.no
  • Cecilie Naper: Jakten på kvalitet. Litteraturteori og populærlitteratur. Oslo 1994.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg