Faktaboks

Marta Schumann

Marta Myklebust Schumann

Fødd
4. februar 1919, Valldalen i Fjord, Møre og Romsdal
Død
24. april 1994, Molde, Møre og Romsdal
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Fylkesagronom og bonde Petter Gerhard Monssøn Myklebust (1881–1965) og lærer og bonde Berta Monsdatter Vaagenes Engeset (1879–1967).

Gift april 1941 med telesjef Einar von der Fehr Schumann (4.12.1917–1.10.1990), sønn av løytnant og akkvisitør Rolf Schumann (1869–1924) og fotograf Catharina Elisabeth von der Fehr (1880–1961).

Marta Schumann var ein norsk telegrafist, forfattar og kulturarbeidar.

Bakgrunn

Marta Schumann var fødd i ValldalSunnmøre. Etter mellomskuleeksamen i Volda i 1935 var ho elev ved rikstelefonen i Ålesund og gjekk deretter på Telegrafskulen i Oslo. Ho arbeidde så i Televerket, først i Bodø i eit år frå 1940, i Hamar frå 1941 i ti år, og i Molde frå 1951 til 1966. Deretter var ho forfattar på heiltid og gav til saman ut ni bøker.

Forfattarskapen

Bygdemiljø

I 1969 debuterte ho med romanen Korset under Skuggefjellet, den første boka i ein trilogi om sunnmørsk bygdemiljø, som går attende til 1700-talet. Verket handlar om kvardagsliv i glede og sorg og ei dramatisk flodbølgje i Storfjorden. Ho var inspirert av Sakarias Ansok, bygdemålet på heimstaden, med ordtilfang frå gamal tid, og lokal forteljartradisjon. Også Sigrid Undsets mellomalderromanar var eit viktig førebilete.

Katastrofelitteratur og sivilisasjonskritikk

Seinare henta ho idear frå si eiga tid og fabulerte over kva som kunne kome til å skje, mellom anna i romanen Våge å tenkje (1983), som tek opp problem med kapprusting og atomkrig, og i romanen Tynn hinne (1986). Med referanse til Tsjernobylkatastrofen same året viser boka eit skremmande scenario om kor sårbart det moderne samfunnet er. Det er fleire allusjonar til Bibelens skrifter om verdas undergang, men det finst òg likskap med sciencefictionlitteratur. Romanen er ein krass teknologi- og sivilisasjonskritikk. I den neste romanen, Utbrot (1989), der flaum og ras trugar eit lite bygdesamfunn, er samhald versus sjølvopphaldsdrift eit viktig motiv.

Samtidsromanen Kristi sine søner (1977) tek opp generasjonsproblematikk og kulturkollisjon, og spesielt konfliktane for menneske med eit grunnfesta religiøst syn. Det same er tilfelle i dei fire novellene i Fotfolk (1980).

Lyrikk og dramatikk

Schumann skreiv elles noveller og dikt, og ho er representert i ulike antologiar. Det siste verket hennar, diktsamlinga Sky fuglar (1992), tematiserer sorg og tap. Dikta er modernistiske i forma, og språket er enkelt. Schumann gjendikta skodespel til nynorsk for Møre og Romsdal regionteater, og ho markerte seg som kulturarbeidar ved jazzfestivalen i Molde, der ho tok initiativ til «Naustet Vårt», eit forum for lyrikk, visesong og biletkunst.

Prisar

Schumann fekk Statens treårige arbeidsstipend og garanti-inntekt for kunstnarar. Ho fekk Sunnmørsprisen i 1969, Skjelderup-prisen i 1974, Gyldendals legat i 1980 og Møre og Romsdals fylkeskulturpris i 1983.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Per Amdam: «I lyset fra diktningen», i Pio Larsen (red.): Møre og Romsdal. Bygd og by i Norge. Oslo 1977
  • Inger Lise Breivik ofl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
  • Astor Furseth: «Storfjordfolkets forfattar. Om Marta Schumann», i Harald H. Rise (red.): 100 år – 100 navn. Ålesund 2000
  • Jostein Sæbøe: Litteraturen i Romsdal. Frå andre verdskrig til tusenårsskiftet, med bibliografi. Molde 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg