Faktaboks

Martin Skjekkeland

Martin Steinar Skjekkeland

Fødd
19. desember 1943, Kvinesdal, Agder
Martin Skjekkeland

Martin Skjekkeland.

Av /Universitetet i Agder.

Martin Skjekkeland er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder. Han har markert seg som populærvitskapleg formidlar av språk og språkutvikling.

Skjekkeland er cand.philol. med hovudfag i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Oslo i 1971. Emnet for hovudfagsoppgåva var talemålet i Bø i Telemark. Han har publisert fleire fagbøker, artiklar og kronikkar om språklege emne. Emna har vore talemålsendring, språkhistorie og språkhaldningar. Han har òg skrive om målføre og skriftmål, om lånord frå lågtysk og hollandsk og om ordtilfang, og undersøkt talemålet Bø i Telemark og i Kvinesdal.

I perioden 1999–2002 var han med prosjektet TEIN (Talemålsendring i Noreg). Prosjektet granska talemålsendringar i Noreg, med særleg vekt på språkleg regionalisering og talespråket til ungdom. Han har publisert mange kronikkar om språk og arbeider med formidling av kunnskap om norsk talemål. Skjekkeland har arbeidd aktivt for å halde på nynorsk som skulemål i heimkommunen Kvinesdal.

Skjekkeland fekk Sørlandets kompetansefonds populærvitskaplege pris i 2006.

Utgivingar

I tillegg til ei rekkje faglege artiklar, har Skjekkeland gitt ut desse bøkene:

  • Målføre og skriftmål (1977)
  • Dei norske dialektane (1997)
  • Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying (2005)
  • Språk og samfunn i endring (2009)
  • Dialektlandet (2010)
  • Språk og kultur – vegar inn i det norske språksamfunnet (2012)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg