Hopp til innhold

Martin Strømnes

Martin Olav Konrad Strømnes, pedagog og skulemann, var professor i praktisk pedagogikk ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim.

Martin Strømnes var fødd i Borge (Vestvågøy) i Lofoten 20. april 1900 og døydde i Lørenskog 13. mai 1977. Han vart uteksaminert frå Tromsø offentlege lærarskule i 1922.
Som lærarstudent vart Strømnes engasjert i målsaka. I heimbygda gjekk han i brodden for å skipe mållaget Vårvon i 1920, og han var redaktør for det nordnorske nynorskbladet Midnattsol frå 1928 til 1936.
I 1922–37 var Strømnes lærar fleire stader i Nord-Noreg. Han var influert av europeisk reformpedagogikk og oppteken av korleis dei reformpedagogiske prinsippa skulle setjast ut i livet i det praktiske skulearbeidet. Som praktisk pedagog vart han tidleg lagd merke til. Frå hausten 1937 var han tilsett som lærar ved øvingsskulen ved Volda lærarhøgskule, der han bygde opp det som har vorte kjent som «Kristvik-skulen», men som like gjerne kunne fortene namnet «Strømnes-skulen». I denne tida vekte han debatt med boka Tidskifte i landsfolkeskulen (1947), der han åtvara mot skulesentraliseringa og forsvarte dei fådelte skulane på pedagogisk, sosiologisk og økonomisk grunnlag.
Frå 1949 til 1967 var Strømnes lektor ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. I denne perioden gjorde han ein viktig og sjølvstendig forskingsinnsats innanfor læreplanspørsmål, som var det særlege kompetanseområdet hans. I 1954 publiserte han Læreplanutvikling og læreplanproblem i USA, og året etter kom boka Norske og nordiske læreplanar. I 1958 vart han Doctor of Education ved Stanford University i California, USA, med ei avhandling innanfor det same feltet.
Som lærarutdannar la Strømnes vekt på lærarutdanninga sin praktisk-pedagogiske karakter og pedagogiske profesjonalitet. Han underviste i didaktikk og fagmetodikk, og i 1962 skreiv han innføringsboka Allmenn didaktikk, som var mykje nytta i lærarutdanninga.
Den pedagogiske ekspertisen hans vart òg nytta i utlandet. I 1960-åra var han knytt til UNESCO som rådgivar for skuleutbygginga i Taiwan. Han engasjerte seg sterkt i arbeidet for fred og nedrusting. I boka World Education For Peace, frå 1959, reiste han framlegg om å skipe internasjonale universitet som midtpunkt for fredsforsking i regi av FN.
I 1967 vart Martin Strømnes, som den første i landet, utnemnd til professor i praktisk pedagogikk ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Han sat i stillinga til 1971, då han gjekk over i eit aktiv tilvære som professor emeritus.
Kjelder
Frode J. Strømnes, telefonsamtale 13.2.2012 og 1.3.2012
Margot Strømnes, samtale 20.2.2012
Karl Bakke (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1952
Peder Bergem (red.): Forkynning, fellesskap, forsking. Volda lærarskule 1895–1995. Volda 1995
Anders Kirkhusmo: «Akademi og seminar». Norges Lærerhøgskole 1922–1982. Trondheim 1983
Vegard Kvam: Livsnær skole. En historie om Erling Kristvik og den fådelte skolen. Oslo 2009
Ingvald Raknem: «Professor dr.philos. Martin Strømnes», Aftenposten 25.5.77
Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 1998
Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973
Martin Strømnes: Tidskifte i landsfolkeskulen. Oslo 1947
Martin Strømnes: Læreplanutvikling og læreplanproblem i USA. Oslo 1954
Martin Strømnes: Norske og nordiske læreplanar. Oslo 1955
Martin Strømnes: World Education For Peace. Oslo 1959
Martin Strømnes: Allmenn didaktikk for lærarutdanning til 9-årig skole. Oslo 1962
Martin Strømnes: Kristvik-skolen. Reformpedagogikk og praktisk problemløysing. Oslo 1982
Nils Søvik: Pedagogisk institutt NTNU 1946–1996. Trondheim 2008
Volda lærarskule 1895–1970. Volda 1970
Peikarar
Bibliografi i BIBSYS

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 07.06.2012