Hopp til innhold
Matias Skard
Matias Skard
Foto: Vonheim folkehøgskule. Lissens: Public domain
X
Innhald

Matias Skard

Matias Skard var omsetjar, folkehøgskulemann, lærarutdannar og den første skuledirektøren som nytta nynorsk i embetsføringa.

Skard var fødd i Øyer 28. mai 1846 og døydde under eit ferieopphald på farsgarden 28. juli 1927. Han hadde tenkt å studere teologi, men fekk i staden eit vikariat i folkehøgskulen rett etter den førebuande «andre-eksamen» ved universitetet. Seinare studerte han mykje psykologi og pedagogikk, språk, litteratur og historie på eiga hand.
 
Skard var folkehøgskulelærar i Nord-Trøndelag 1877–81. Skulen var skipa i Stjørdal av L.M. Bentsen i 1868, og i Skards periode heldt han til i Frosta (1877/79), i Grong (1879/80) og i Sparbu (1880/81). Eitt år før og i mange år etterpå var Skard ved Chr. Bruuns folkehøgskule Vonheim i Gausdal. Frå 1892 til 1901 underviste han ved lærarseminaret i Levanger, og deretter var han skuledirektør i Kristiansand til 1921.
 
Med inspirasjon frå Grundtvig arbeidde Skard heile livet for klassiske, nasjonale og kristne verdiar. Han hadde eit lyst livssyn, som inspirerte elevane. Skard var ein føregangsmann i å setje verdslitteratur om til nynorsk, og i nemnda for det første nytestamentet på landsmål kjempa han for å få levande talemål inn i bibeltekstane.
 
Peikarar

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 22.03.2017