Hopp til innhold
Nikolai Schei (1901-1985) var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1945-1971.
Nikolai Schei (1901-1985) var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1945-1971.
X
Innhald

Nikolai Schei

Nikolai Andreas Schei, fylkesmann i Sogn og Fjordane 1945–1971. Han leidde Kommuneinndelingskomiteen 1946–62, som førte til at talet på kommunar vart redusert frå 747 til 454.

Nikolai Andreas Schei var fødd i Førde i Sogn og Fjordane 9. mai 1901 og døydde same staden 25. mai 1985. Han tok to-årig handelsgymnas i 1919 og examen artium som privatist i 1925. Frå 1925 til 1929 var han arkivarassistent i Justisdepartementet, las jus på fritida og vart cand.jur. i 1928.
Schei var fylkesfullmektig i Møre og Romsdal 1929–31 og i Oslo og Akershus fylke 1931–34. 1934–39 var han ein av tre inspektørar i det nyskipa Riksgjeldsmeklingsinstituttet og vart så i 1939 tilsett som sjef for Provianterings- og rasjoneringsdirektoratet.
Då okkupasjonen kom i 1940, bad regjeringa han bli verande i denne stillinga i staden for å følgje med til Storbritannia. Han heldt fram til 1945, med eit kortare fengselsavbrot på Akershus i 1944. Samtidig var han med i leiinga av Heimefronten.
Etter frigjeringa vart han rådmann for Forsynings- og gjenreisingsdepartementet før han i september 1945 blei utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane, eit embete han hadde til han gjekk av med pensjon i 1971. Han kjende heimefylket ut og inn.
Schei var leiar av Kommuneinndelingskomiteen av 1946 («Schei-komiteen»), som i åra 1946–62 leverte tre store innstillingar i 18 band. Som resultat vart talet på kommunar redusert frå 747 til 454, og det kom i 1954 ei ny, felles kommunelov for by og land.
Han hadde òg ei rad andre verv. Han stod på førsteplassen på Høgre si stortingsliste i 1961, men partiet fekk ingen representantar frå Sogn og Fjordane ved det valet.
Som pensjonist redigerte han boka om Sogn og Fjordane i serien Bygd og by i Norge (1980). Han var kommandør med stjerne av St. Olavs Orden, kommandør av 1. klasse av den danske Dannebrogordenen og av den svenske Nordstjärneordenen og var heidra med storkors av den islandske Falkeordenen.
Kjelder
Aage Engesæter og Johs. B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Oslo 1988
Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1925. Oslo 1950
Nikolai Schei (red.): Sogn og Fjordane. Oslo 1980
Morten Søberg: Senatet som aldri vart. (Kap. «Grensesetjande makt»). Oslo 2009
Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973
Rolf Normann Torgersen: «Nikolai Schei». Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004

Først publisert: 08.03.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018