Faktaboks

Nils Henrik Smith
Fødd
17. august 1980, Stavanger, Rogaland
Levetidskommentar
Oppvaksen på Bryne, Rogaland
Nils Henrik Smith.
Av /Samlaget.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Nils Henrik Smith er ein norsk forfattar som skriv både romanar og sakprosa.

Bakgrunn

Nils Henrik Smith er fødd i Stavanger i Rogaland og er oppvaksen på Bryne i Time i Rogaland. Han gjekk på Lundehaugen videregående skole i Sandnes i 1996–1999, studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2003–2004 og har òg teke engelsk og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Forfattarskapen

Romanar

Smith debuterte i 2007 med romanen Manhattan Skyline (2007), der stipendiaten i filosofi Aksel Eriksen i kjølvatnet av terrorangrepet i USA 11. september 2001 er villig til å undergrave den vestlege sivilisasjonen og blir involvert i ei undergrunnsrørsle. I 2009 kom romanen Austerrike, som er blitt kalla ein krimroman utan offer. Romanen handlar om makt og avmakt, og ein jurist står tiltalt for ei ugjerning lesaren ikkje får vite kva er.

Romanen Se ilden lyse over jord blei gitt ut i 2014. Både Lillehammer-OL og terrorangrepa i Noreg 22. juli 2011 er bakteppe i romanen, der hovudpersonen er ein 61 år gamal mann som prøver å finne kjærleiken på nytt, medan livet hans blir nysta opp med lange tilbakeblikk om skam, begjær og einsemd.

Felles for romanane er at hovudpersonane opplever vendepunkt i livet sitt som blir avslørte for lesaren bit for bit. Smith skriv eit rikt, moderne og intenst språk, med setningar prega av lange innskot og digresjonar, truverdig dialog og tydeleg forteljarstemme.

Sakprosa

Smith har òg skrive sakprosa, der fotball er viktige tema. I boka 11 meter (2020) tek Smith lesaren med inn i historia om straffespark si plassering i fotballhistoria. Boka Entusiasme og raseri. Artiklar om fotball (2021) er ei samling av artiklar og essay Smith har skrive i ulike samanhengar om store og små hendingar i fotballverda.

Utmerkingar

Smith fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i 2007 og Rogaland Mållags målpris i 2009. Han blei rangert blant dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet i 2015.

Bibliografi

  • Entusiasme og raseri. Artiklar om fotball (Samlaget, 2021)
  • 11 meter (Sakprosa, Kagge forlag, 2020)
  • Se ilden lyse over jord (Roman, Samlaget, 2014)
  • Austerrike (Roman, Samlaget, 2009)
  • Manhattan skyline (Roman, Samlaget, 2007)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg