Faktaboks

Nils Sletta
Fødd
23. april 1943, Tuddal i Hjartdal
Død
26. november 2020
Nils Sletta i 2007.
Nils Sletta i 2007.
Av /SCANPIX.
Nils Sletta (til høyre) sammen med Reidar Sørensen (i midten) og Jon Eikemo (til venstre) i Det Norske Teatrets oppsetning av Ungkarsfesten i 2003
/Scanpix.

Nils Sletta var skodespelar ved Det Norske Teatret og hardingfelespelemann. Han fekk mellom anna Kritikarprisen for rolla som Mattis i Fuglane i 1997.

Bakgrunn

Nils Sletta er fødd i Tuddal i Hjartdal, Telemark. Han er eldst i ein søskenflokk på ni og voks opp i eit kunstnarmiljø med kjende folkemusikarar. Etter framhaldsskulen gjekk Sletta i bygningslære nokre år før han byrja på Statens teaterhøgskole (no Teaterhøgskulen), der har gjekk ut i 1965. Nils Sletta var sambuar med skodespelaren Grethe Ryen og far til jazzmusikar Torbjørn Sletta Jacobsen, skodespelar Tov Sletta og designar Ragnhild Sletta.

Teaterarbeid

Sletta hadde sin teaterdebut på Nationaltheatret i 1964, i ei mindre rolle i William Shakespeares Romeo og Julie. I 1965 debuterte Sletta på Riksteatret. Han var tilsett på Riksteatret frå 1965 til 1967, ved Trøndelag Teater i 1967–1969 og ved Det Norske Teatret frå 1969 til han gjekk av med pensjon.

Sletta viste seg tidleg som ein allsidig karakterkunstnar, ofte i viktige støtteroller, men også i sentrale roller. Han spelte tidleg store lyriske roller, blant anna den unge Peer i Henrik Ibsens Peer Gynt (Det Norske Teatret, 1971) og tittelrolla i Michel de Ghelderodes Barrabas. Han spelaIvar Aasen i Tusen Fjordar, tusen fjell og Trofimov i Kirsebærhagen. Sletta har òg vore med som skodespelar på Marispelet i Tinn frå 2004 til 2009. I 2010 hadde han rolla som målaren Peder Balke for Teater Innlandet.

Teateroller

Film- og TV-roller

Sletta hadde eit trettital roller i film og TV, med debut i Arne Skouens Musikanter i 1967. Han hadde hovudroller i Leif Erlsboes Ingen roser...takk (1979) og Hans Lindgrens Nedtur (1980).

På TV spelte han blant anna Bellest i serien Vestavind (1994–1995), Trille sin bestefar i Vaffelhjarte (2011, etter Maria Parr si barnebok) og herr Kiran i Kampen for tilværelsen (2014–2015). Hausten 2007 hadde NRK-serien Berlinerpoplene, etter Anne B. Ragde sin roman, 900 000 sjåarar. I serien spelte Sletta den einsame og inneslutta grisebonden Tor Neshov.

Sletta si siste rolle var i Anders T. Andersen si filmatisering av Vesaas sin roman Fuglane (2019).

Utmerkingar

I 1997 fekk Sletta Kritikarprisen for teater for rolla som Mattis i Tarjei Vesaas' Fuglane (Det Norske Teatret samme år). Sletta fekk den nynorske teaterprisen Aksel Waldemars minnepris to gonar, i 2001 og 2007. Han fekk òg Gullruten i 2008 for rolla som Tor i TV-serien Berlinerpoplene etter Anne B. Ragde sine romanar. Sletta blei òg nominert til Emmyprisen for same rolla.

Sletta vann Landskappleiken i hardingfele første gong i A-klassa saman med Kjetil Løndal i 1964. Han har elles vore med på mange kappleikar og vann mellom anna ein førstepremie på jubileumskappleiken i i 1988.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg