Faktaboks

Nils Sund

Nils Kristian Sund

Fødd
13. juli 1869, Haugesund
Død
10. juni 1952, Haugesund

Nils Sund var ein norsk bokhandlar, forfattar og lokalpolitikar i Haugesund.

Bakgrunn

Etter examen artium utdanna han seg til bokbindar og boktrykkjar og dreiv frå 1889 ein bokhandel som blei ein kulturinstitusjon i byen og ein av dei største og mest kjende i landet. Han var den første utanom Oslo som byrja å selje fonografar, forløparen for grammofonen, oppfunnen av Edison i 1877. Bokhandelen har seinare skifta namn til Ark Sund.

Organisasjonsarbeid

Under gymnastida i Stavanger i 1880-åra blei han sterkt engasjert i kultur- og samfunnsspørsmål og enda opp i eit klassisk trekløver: målmann, fråhaldsmann og venstremann. Han var med og skipa Haugesund Mållag i 1906 og sat i styret i mange år. I tre periodar (1914–1916, 1917–1919, 1923–1925) sat han òg i bystyret i Haugesund for Venstre, ein av periodane også i formannskapet (1923–1925).

Forfattarskap

Til liks med Arne Garborg blei Sund sterkt gripen av tankane til amerikanaren Henry George og gav ut skriftet «Kan staten gjera jordbruket lønsamt?» (1934) og boka Retts-liberalisme (1946), der han overførte Georges sosialøkonomiske teoriar til norske tilhøve. I den lokale klassikaren Eg minnest (1951), skriven på haugesundsk nynorsk, fortel han fornøyeleg frå ungdomstida i heimbyen og om perioden fram til unionsoppløysinga.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Vormedal, T. I. (2008): Kim va det? Kjente avdøde haugesundere. Haugesund: Vormedal forl.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg