Hopp til innhold
Foto: Tiden Norsk Forlag
Foto: Tiden Norsk Forlag
X
Innhald

Nora Simonhjell

Nora Simonhjell, lektor med doktorgrad i litteraturvitskap og lyrikar som skriv om å skape og gjenskape identitet.

Nora Simonhjell er fødd 26. juli 1970 i Øksendal på Nordmøre og er busett i Århus. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (1996) med hovudoppgåva Allegorien. Det moderne tragiske sitt ansikt. Ei lesing av Emilia Galotti (1772) av Gotthold Ephraim Lessing. Simonhjell tok doktorgraden i litteraturvitskap ved Universitetet i Agder (2010) med tittelen Krøplingkroppar. Om litterær framstilling av merkte, aldrande og funksjonshemma kroppar i Lars Ramslies Biopsi og Stig Sæterbakkens Siamesisk.
Ho har arbeidd som førstelektor ved Høgskulen i Volda i ulike periodar mellom 1997 og 2005, vore stipendiat ved Universitetet i Agder (2005–2008), litteraturredaktør, arbeider no som lektor ved Nordisk Institut ved Aarhus Universitet og bokmeldar i Morgenbladet.
Som forfattar debuterte Simonhjell med diktsamlinga Slaktarmøte i 1999. Diktsyklusen er direkte og brutal og handlar om korleis individet stiller seg til smerte, og eg-et tek rolla både som skamferar og den som blir skamfert. Ho må skade seg sjølv for å bli seg sjølv.
I 2001 kom diktsamlinga Kvassare. I dei tittellause og minimalt uttrykte dikta er målet å bli synleg, både for seg sjølv og andre saman med andre. Miljøet er eit konkret landskap. Felles for begge diktsamlingane er at dei handlar om å skape og gjenskape identitet. Dette gjer tekstane til Simonhjell leikne og gjennomtenkte.
Ho har og skrive artiklar i ulike artikkelsamlingar.
Kjelder
Nora Simonhjell, forfattarside, tiden.nohttp://www.tiden.no/index.php?ID=Forfatter&counter=106 [lesedato 26.3.2011]
Peikarar

Først publisert: 15.11.2011
Sist oppdatert: 29.06.2013