Faktaboks

Oddbjørg A. Starrfelt

Oddbjørg Ausdal Starrfelt

Fødd
22. juli 1948, Klepp, Rogaland
Oddbjørg A. Starrfelt.

Oddbjørg A. Starrfelt er tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Rogaland.

Bakgrunn

Oddbjørg Ausdal Starrfelt er fødd i Klepp i Rogaland. Ho fullførte Sosialhøgskulen i Stavanger i 1973, tok kriminologi grunnfag ved Universitetet i Oslo i 1974 og studerte helse- og sosialadministrasjon ved Agder distriktshøgskole (no Universitetet i Agder) i 1984–1986. Starrfelt har mellom anna arbeidd som sosialkurator i vaksenpsykiatrien i Arendal i 1978–1980, helse- og sosialsjef i Klepp i 1988–1993 og i 2007 vart ho prosjektleiar i Stavanger kommune.

Politisk karriere

Starrfelt var medlem av Klepp kommunestyre i 1983–1984 og Rogaland fylkesting i 1991–1993. Ho var òg leiar av Rogaland Arbeidarparti i 1992–1998. Ho var vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland i 1993–2005. Ho var medlem av gruppestyret for Arbeidarpartiet på Stortinget i 1993–1997 og i 2001–2005.

I perioden 1993–1997 var ho medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, deretter av næringskomiteen i 1997–2000. Ho var sekretær i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i 2000–2001 og medlem av samferdselskomiteen i 2001–2005.

Andre verv

Starrfelt har hatt fleire tillitsverv i Norsk Sosionomforbund og dessutan mange offentlege verv, til dømes styremedlem i Avinor AS, styremedlem i Stavangerske A/S og styreleiar i Helse Stavanger. Starrfelt har òg vore leiar i Tromøy Framlag og nestleiar i styret for Litteraturselskapet Det norske Samlaget.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg