Faktaboks

Ola Svein Stugu
Fødd
24. mars 1947, Oppdal
Ola Svein Stugu

Ola Svein Stugu er professor i historie ved NTNU i Trondheim. Han er ein profilert historieformidlar og har gitt ut ei rekkje bøker om byhistorie, kulturhistorie, historiedidaktikk og historiebruk.

Bakgrunn

Ola Svein Stugu er fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Han har studert ved Universitetet i Oslo, der han skreiv hovudfagsoppgåve i historie om bakgrunnen for Nordenfjelske Treforedling AS (1976). I åra 1979–1994 var han lektor ved Ringve videregående skole i Trondheim.

Sidan 1994 har Stugu vore tilsett ved Institutt for historiske studiar, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Han var professor same stad frå 2001 til 2018, og er no professor emeritus.

Utgjevingar

I løpet av lærarkarrieren sin gav Stugu ut både lokalhistorie tilrettelagt for skulen og ei lærebok i mediekunnskap. Som profilert historieformidlar har Stugu gitt ut ei rekkje bøker innanfor fleire område. Han står bak artiklar og bøker om historiedidaktikk, historiebruk, kulturhistorie og ikkje minst by- og regionhistorie.

I åra fram mot Trondheims tusenårsjubileum som by i 1997 var Stugu med på mange utgivingar i samband med dette, både hefte, bøker, historie for skulen og generelle artiklar om lokalhistorie og byhistorie. Hovudverket frå denne prosessen vart Kunnskapsbyen, siste bind av Trondheims byhistorie.

I 2008 gav Stugu ut Historie i bruk, og her drøftar han kva for meiningsskapande funksjonar historie kan ha. Han viser at forteljingar om fortida ikkje er nøytrale, men at dei kan brukast på godt og vondt.

I Norsk historie etter 1905 (2012) skriv Stugu om korleis det har gått til at Noreg i åra etter 1905 vart ein velferdsstat, og han viser korleis internasjonale tilhøve har vore med på å leggje føringar for den norske utviklinga fram til i dag.

Stugu har òg vore medforfattar av ei rekkje bøker og publikasjonar. Med Trondheims historie (1997), Fabrikken (2004), Trøndelags historie (2005) og Norsk byhistorie. Urbanisering gjennom 1300 år (2005) har han vore ein viktig bidragsytar for å få fram sentrale delar av norsk by- og regionhistorie. Stugu har òg vore spaltist i Adresseavisen.

Utvalde publikasjonar

  • Norsk historie etter 1905. Vegen mot velstandslandet (bind 4 av Norsk historie frå vikingtid til vår tid), 2012
  • Historie i bruk, 2008
  • Ord om kor. 150 år med Trøndernes mandssangforening, 2008, red. med Karl Gunnar Jensen
  • Norsk byhistorie. Urbanisering gjennom 1300 år, 2006, med Knut Helle, Finn-Einar Eliassen og Jan Eivind Myhre
  • Fabrikken, 2004, med Håkon With Andersen, Terje Borgersen, Thomas Brandt, Knut Ove Eliassen, og Audun Øfsti
  • Kunnskapsbyen 1964–1997 (bind 6 av Trondheims historie), 1997
  • Når myra blir by. Tillerbyen fra idé til virkelighet, 1991
  • Staten som fødselshjelpar. Om bakgrunnen for Nordenfjeldske Treforedling A/S, 1976, hovedoppgave

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg