Faktaboks

Olav Sletto
Fødd
21. juni 1886, Sletto i Hol, Buskerud
Død
24. oktober 1963, Geilo i Hol
Verke
Skulemann og forfattar
Familie

Foreldre: Landarbeider Johannes Kristianson Lundeby (1862–1900) og Anne Jensdotter Sletto (1867–1946).

Gift 27.7.1911 med lærar Karin Bryde (13.7.1884–5.11.1965), dotter til skipsreiar Johan Mauritz Bryde (1830–99) og Karen Nicoline Eriksen (1837–1925).

Far til Eva Sletto (1912–2006); svoger til Johan Bryde (1858–1925; sjå NBL1, bd. 2) og Gottfred Mauritz Bryde (1865–1939; sjå sst.).

Olav Sletto

Olav Sletto fotografert i Geneve 1909. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Olav Sletto
Av /NTB Scanpix ※.

Olav Sletto var ein norsk forfattar og lærer. Han skreiv episke dikt, romanar, barnebøker og skodespel.

Sletto debuterte som forfattar med forteljinga Dei gamle (1908). Sentralt i Slettos store produksjon står den mytologiske diktinga om Loke:

  • Loke (1915)
  • Domen (1916)
  • Millom eldar (1917)
  • Skyming (1918)

I ei rekkje romanar henta Sletto emne frå den eldste kyrkjehistoria, mellom anna trilogien Valet (1926), Primas (1927) og Frukt (1928). På heimleg grunn bevegar han seg i dei ypparlege sjølvbiografiske barndomsskildringane Per Spegil (1939), Per sjøl (1940), Per Stavlang (1941) og Per Spelmann (1942), og i verket om Røgnaldsfolket (fem bind, 1943–1950). Boki um Olver (1954), På høgt berg (1956) og Upp bakke og ned dal (1957) er sjølvbiografiske romanar. Sletto skreiv også skodespel.

Han fekk kunstnarløn frå 1960.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Austbø, Johan: Olav Sletto : ein studie, 1923
  • Bæra, Gunnar: Olav Sletto : en bibliografi, 1973
  • Dale, Johs A. & Lars Reinton, red.: Ei bok om Olav Sletto, 1966

Faktaboks

Olav Sletto
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036464001072

Kommentarar (2)

skreiv Eva Almhjell

Er dette å forstå som at mitt forslag til artikkel om Olav Sletto - på nynorsk - er avvist?

svarte Guro Djupvik

Hei, Eva.
Behandlede endringsforslag skal dukke opp i endringshistorikken til artikkelen, her: https://snl.no/.versions/list/165553
Jeg kan ikke se verken godkjente eller avviste forslag fra deg her.
Vennlig hilsen Guro Djupvik i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg