Hopp til innhold
Ole Mørk Sandvik. Biletet er publisert med fri lisens av Domkirkeoddens fotoarkiv
Ole Mørk Sandvik. Biletet er publisert med fri lisens av Domkirkeoddens fotoarkiv
X
Innhald

Ole Sandvik

Ole Mørk Sandvik var utdanna teolog og den første som tok doktorgrad på norsk folkemusikk. Han var folkemusikksamlar, pedagog og forfattar.

Ole Sandvik var fødd 9. mai 1875 i Nes i Hedmark og døydde 5. august 1976. Etter eksamen ved Hamar seminar i 1895 studerte han teologi ved Universitetet i Kristiania frå 1897. Sandvik vart cand.theol. i 1902 og dr.philos. i 1922, med avhandlinga Norsk folkemusikk, særlig Østlandsmusikken.
Han vikarierte i folkeskulen i Florø i 1895–96, ved Hamar offentlege skule i 1897 og ved Vestheim skole i Oslo i studietida. Ved Vestheim skole fekk han fast tilsetjing frå 1902, og seinare var han overlærar og etter kvart lektor ved Hegdehaugen skole, frå 1913 til 1945. Sandvik underviste i messe- og kyrkjesong ved Det praktisk-teologiske seminaret, Universitetet i Oslo frå 1916 til 1947 og ved Menighetsfakultetet frå 1921 til 1947. Han grunnla Norsk Musikksamling i 1927 og Paul Sandviks musikkbibliotek i 1935. Han var medarbeidar i Folkemusikkhalvtimen i NRK i 1951–52.
I 1911 fekk han universitetsstipend til innsamling av norsk folkemusikk, og i 1913 stipendopphald frå kyrkjedepartementet til å studere tysk skule. Han gjorde undersøkingar av folkemusikk i Sverige, Irland og Skottland i 1920-åra.
Sandvik hadde fleire verv. Han var sekretær i komiteen for ny koralbok i 1923–26, i komiteen for liturgisk musikk til 900-årsfeiringa av heilag-Olav og i Norsk samfunn for musikkgransking. Sandvik var formann i Kyrkjesongforbund for Oslo bispedøme frå 1932 til 1949, visepresident i International Folk Music Council frå 1947 og leiar i Norsk Folkemusikklag frå 1948 til 1965.
Han var redaktør for Norsk musikkgransking frå 1937 til 1958 og skreiv artiklar i dagspresse og tidsskrift. Saman med Gerhard Schjelderup gav han ut Norges musikkhistorie (1921–22). Sandvik var medredaktør av songbøker, leksikonforfattar og gav ut fleire store arbeid, særleg om kyrkje- og folkemusikk.
Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1939 og heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1966. Han har fått æra for at musikkvitskap vart universitetsfag i Oslo.
Innsamlingsarbeid
Sandvik samla folkemusikk frå mange kantar av landet og stod i fremste rekkje når det gjaldt metode for nedteikning av folkemusikk. Han hadde vørdnad for informantane sine, mellom dei Hanna Moren, Anne Turtum, Mari Holbø og Ivar Braataa, og han fekk kjennskap til fleire gjennom forfattarane Ivar Kleiven og Olav Aukrust. Aukrust var sjølv folkemusikksamlar og informant for Sandvik. Han hjelpte òg Sandvik med språklege spørsmål i nedteikninga av salmar, viser og lokkar.
I Folkemusikk i Gudbrandsdalen (1919) problematiserte Sandvik spørsmålet om det finst ein typisk norsk musikk. Han fann mange variantar av dei ulike folketonane og lanserte ideen om musikalsk dialektforsking etter innspel frå faren. Konstruktivt samarbeid hadde Sandvik òg med Knut Liestøl. Liestøl oppmuntra han til arbeid med folkemusikk i Vest-Agder og introduserte han for Johannes Skar og Setesdalstradisjonen.
Musikkforskar i teten
Sandviks kunnskap om europeisk musikkhistorie i ulike sjangrar og periodar var formidabel. Edvard Grieg var ein av dei norske favorittane, men han hadde òg sans for modernistiske komponistar som Fartein Valen.
Utfordringane ved å vere kvinneleg komponist på 1800-talet i eit mannsdominert miljø var mange, og Sandvik var ein av dei første som arbeidde med slike problemstillingar. I boka Agathe og O.A. Grøndahl (1948) fortel kan om den første store kvinnelege komponisten i Noreg, Agathe Backer Grøndahl. Han analyserer den faglege utviklinga hennar, gir ei utførleg opusliste og peikar på arbeidet hennar med innsamling og arrangering av folkemusikk. Han nemner Ivar Blekastad og Ivar Mortensson-Egnund som moglege informantar for denne delen av arbeidet hennar.
Sandvik vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1949, og han fekk «Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning» i 1966.
Kjelder
Otlu Alsvik, Ella Arntsen og Robert Levin (red.): Musikken og vi, bd. 3. Oslo 1983
Øyvind Anker: Ole M. Sandvik. Minnetale i det norske Videnskaps-akademi. Særtrykk av Det norske videnskaps-akademis årbok 1977
Andreas Bjørkum ofl.: Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg 2. Oslo 1996
H.M. Græsvold: «Ole Mørk Sandvik», Aschehougs konversasjonsleksikon. Oslo 1974 
Sparre Olsen: «O.M. Sandvik», Festskrift til O.M. Sandvik på 70-årsdagen. Oslo 1945 
Festskrift til O.M. Sandvik på 70-årsdagen. Med særs fyldig bibliografi av Øystein Gaukstad og portrett av Erling Enger, Oslo 1945
O.M. Sandvik: Agathe og O.A. Grøndahl. Oslo 1948
O.M. Sandvik: «Ei helsing til Knut Liestøl», Syn og Segn 1941
O.M. Sandvik: Folkemusikk i Gudbrandsdalen. Oslo (1919) 1948
O.M. Sandvik: «Musikkminner fra oldtiden i vår liturgi», Kirke og kultur 1923
O.M. Sandvik: «Indtryk fra en stipendiereise til Tyskland sommeren 1913», Den Høiere skole nr. 8/1915
O.M. Sandvik: «Hanna Moren – en viktig kilde til Østerdalsmusikken», opptrykk i Årbok for norsk folkemusikk 1995
O.M. Sandvik: «Fra Østerdalsmusikken. Melodier fra seterlivet», opptrykk i Årbok for norsk folkemusikk 1995
Bjørn Aksdal: «Ole Mørk Sandvik» – utdjuping i Norsk Biografisk leksikon

Først publisert: 21.11.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018