Hopp til innhold
X
Innhald

Ottar Starheim

Ottar Starheim, journalist. Han var ein markant journalist i Sogn og Fjordane, arbeidde over 40 år i NRK og redigerte NRKs fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

Ottar Starheim var fødd 16. mars 1946 i Eid i Sogn og Fjordane og døydde 18. mai 2012 i Førde. Han tok examen artium i 1967 og var ei kort tid innom Universitetet i Oslo, der han studerte samfunnsfag. 
Starheim arbeidde som journalist i Fjordenes Tidende 1963–65, var frilansar for same avisa 1965–68 og journalist i VG 1967–68. I over 40 år arbeidde han i NRK, først som programsekretær i NRK Møre og Romsdal 1968–75, så som programsekretær i NRK Hordaland 1975–79. Men det meste av tida, frå 1979 til 2010, var han i NRK Sogn og Fjordane, der han var distriktsredaktør frå 1978 til 1990, den første distriktsredaktøren på det kontoret. Han var ein av dei mest markante journalistane i fylket.
Starheim hadde store historiske kunnskapar og var drivkrafta bak NRKs fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, eineståande i sitt slag. Frå 2001 og framover vart det publisert på Internett. I 2009 kom det òg på papir – fire band, 3250 sider, rundt 12 000 foto og illustrasjonar og med historisk stoff, mellom anna frå andre verdskrigen, som aldri før hadde vore publisert.
Han gav elles ut bøkene Femti år med Ramstad (1999), Måløy – brua og byen (2003, saman med Terje Sølvberg og Arild Nybø), Tunge tak. Historia om godstransporten i Sogn og Fjordane (2003) og Tida flyg. Historiske flyfoto frå Sogn og Fjordane (2004).
To gonger, i 1999 og i 2003, fekk han Presseprisen for Sogn og Fjordane, utdelt av Sogn og Fjordane journalistlag.
Kjelder
Per Marifjæren: «Tungt verk om fjordfylket». Bergens Tidende 21.10.2009
Jan Nyberg: «Ottar Starheim er død». Bergens Tidende 19.5.2012
Niels E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for journalistikk 1998
Geir Bjarte Hjetland: «Ottar Starheim er død», nrk.no, publisert 18.5.2012, 
Kulturnett arkiv: «Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane på internett», kulturnett.sfj.no,  publisert 26.11.2001, http://kulturnett.sfj.no/nyhende/26-11-fylkesleksikon-sogn-og-fjordane-p%C3%A5-internett [Lesedato 24.5.2012]
Rolf Sanne-Gundersen: «Minneord om Ottar Starheim», nrk.no, publisert 21.5.2012, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8146389 [Lesedato 24.5.2012]
Peikarar

Først publisert: 08.08.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018